An Lushan-opprøret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kinas utbreiing ca år 700

An Lushan-opprøret var eit opprør mot det kinesiske Tang-dynastiet. Opprøret tok til den 16. desember 755 då generalen An Lushan utropte seg til keisar over Nord-Kina, og dermed danna det rivaliserande Yan-dynastiet. Opprøret vart kua då Yan-dynastiet fall den 17. februar 763.

Gjennom den vel sju år lange opprørstida fall folketalet i Kina med 33-36 millionar menneske, om lag to tredelar av folkemengda. Kor store delar som døydde av svolt, krigshandlingar eller massakrar er uvisst.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]