An Teallach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
An Teallach
Smia
Munro, Marilyn
Sgurr fiona.jpg
Sgurr Fiona og Corrag Bhuidhe
Land Flag of Scotland.svg Skottland
Topp Dundonnell and Fisherfield Forest
 - høgd 1 062 moh.
 - Primærfaktor 757 m
Wikimedia Commons: An Teallach

An Teallach er eit fjell i Skottland. Det ligg sørvest for Dundonnell oppfor Little Loch Broom i eit område som ofte vert kalla «den store villmarka». An Teallach tyder «Ambolten» eller «Smia» på skotsk-gælisk.

Fjellet er 1062 meter over havet høgt med ein primærfaktor på 757 meter. Ti av toppane på massivet er over 3000 fot (914,4 m) og to av desse, sjølve An Teallach og Sgùrr Fiona, har status som munro, fordi dei har ein primærfaktor på meir enn 150 meter.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Scottish Mountaineering Club - The New Munros. Vitja 23. mars 2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

360°-utsyn frå Sgurr Fiona på An Teallach i Skottland

Koordinatar: 57°48′24″N 5°15′6″W