Hopp til innhald

Ana Gros

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ana Gros


StatsborgarskapSlovenia
Fødd21. januar 1991 (35 år)
Ljubljana
Idretthandball
Tok del i Handball under sommar-OL 2024 – Kvinner
Utmerkingar Årets håndballspiller i Frankrike – Beste høyreback

Ana Gros (fødd 21. januar 1991) er ein slovensk handballspelar frå Slovenj Gradec. Ho vann EHF-meisterligaen 2024 med Győri ETO. Gros er høgre rykkromspelar.

Perioden 2007 til 2010 spelte Gros to sesongar for Olimpija Ljubljana og ein for Krim Ljubljana. Deretter gjorde ho 2010-12 teneste i ungarske Győri ETO, der ho begge sesongane var med å vinne den nasjonale seriemeisterskapen og den nasjonale cupmeisterskapen. Laget spelte seg fram til finalar i EHF-meisterligaen 2012, men tapte mot Budućnost på bortemåls-regelen. Frå hausten 2012 til januar 2014 hadde Gros kontrakt med det tyske bundesliga-laget Thüringer HC. Laget gjekk i 2013 til topps i så vel pokal-turneringa som i bundesligaen. Sidan spelte Gros i fire-og-eit-halvt år på Metz HB sitt lag i Frankrike. Her vart ho fransk seriemeister i 2014, 2016, 2017 og 2018. Sommaren 2018 gjekk ho over til rivalen Brest BH. Med Brest vann ho i 2021 den franske serien og cupen. Mannskapet tok seg heilt til finalen i meisterligaen, eit oppgjer Brest tapte mot norske IK Våg|Vipers. Med totalt 135 mål vart Gros skyttardronning i turneringa. Sommaren 2021 flytta ho over til CSKA Moskva. I mars 2022 valde ho å forlate den russiske klubben og spelte resten av sesongen på Krim sitt lag i Ljubljana. 2022-24 gjorde Gros på ny teneste hos Győri ETO i Ungarn. Her vart ho ungarsk seriemeister i 2023 og vinnar av meisterligaen i 2024. Med sine 6 fulltreffarar i meisterligafinalen var ho ein tre toppskårarar i kampen mot BBM Bietigheim. Sidan hausten 2024 er Gros inne i si tredje periode hos Krim Ljubljana.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Gros spelte på Slovenia sitt landslag frå 2007 til 2024. Ho deltok i 159 landskampar og skåra 767 mål.

  • Vinnar av EHF-meisterligaen: 2024 for Győri ETO
  • Slovensk seriemeister: 2010, 2022, 2025 for Krim Ljubljana
  • Slovensk cupmeister: 2010, 2022, 2025 for Krim Ljubljana
  • Ungarsk seriemeister 2011, 2012, 2023 for Győri ETO
  • Ungarsk cupmeister: 2011, 2012 for Győri ETO
  • Tysk seriemeister: 2013 for Thüringer HC
  • DHB-pokalvinnar: 2013 for Thüringer HC
  • Fransk seriemeister: 2014, 2016, 2017, 2018 for Metz HB – 2021 for Brest HB
  • Fransk cupmeister: 2015, 2017 for Metz HB – 2021 for Brest HB
  • Finalist i EHF-meisterligaen: 2012 for Győri ETO – 2021 for Brest HB