Ana Néri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ana Néri avbilda på eit brasiliansk frimerke.

Ana Justina Ferreira Néri eller Nery (13. desember 181420. mai 1880) var ein brasiliansk sjukepleiepioner. Ho er best kjend for det frivillige arbeidet ho gjorde under Trippelalliansekrigen. Néri var samtidig med Florence Nightingale, og har mange likskapar med den britiske sjukepleiepioneren. Begge kom frå gode familiar, hadde eigne middel, og brukte desse til å utvikla sjukepleien under krigar.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ana Néri var fødd i landbyen Cachoeira de Paraguaçu i Bahia som dotter av José Ferreira de Jesus og kona hans Luísa Maria das Virgens.[2] Ho gifta seg 23 år gammal med marinekommandanten (Navy Commander) Isidoro Antônio Néri.[3] Ektemannen var ofte ute og sigla, og Ana Néri blei van til å ta seg av hus og heim.[3] Då ho blei enkje 29 år gammal hadde ho eineansvar for sønene deira Justiniano, Isidoro og Pedro Antônio.[3] Justiniano og Isidoro blei legar, medan Pedro Antônio gjekk inn i den brasilianske hæren[3] som kadett.[2]

Sjukepleie[endre | endre wikiteksten]

I 1865 blei Brasil del av trippelalliansen med Argentina og Uruguay i Trippelalliansekrigen mot Paraguay. Alle sønene[3] og begge brørne hennar, Manuel Jerônimo og Joaquim Maurício,[4] blei kalla inn til militærteneste. I staden for å venta heime åleine, skreiv Ana Néri brev til Bahia-guvernøren Manuel Pinho de Sousa Dantas og tilbaud å pleia skadde trippelalliansesoldatar under heile krigen.[3][4]

Seinare same året forlét Ana Néri Bahia for første gongen i livet sitt. Ho gav assistanse til det vesle, dårleg utstyrte[4] helsekorpset i hæren.[2] I Corrientes arbeidde ho på eit sjukehus drive av nonner, og tok seg av over 6 000 innlagde soldatar.[3][4] Kort tid seinare pleia ho skadde i Salto, Humaitá, Curupaiti og Asunción.[3][4]

Ana Néri hadde arva eigne middel, og brukte desse til å skipa ein sjukeheim i den paraguayanske hovudstaden, som var kringsett og okkupert av den brasilianske hæren.[2][3][4] Her arbeidde ho fram til krigen tok slutt,[4] og innførte hygienestandardar og dei midla som var i bruk i helsepleie på denne tida.[1] I løpet av krigen mista ho sonen Justiniano og ein nevø i slag.[4]

Ære og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I 1870 vende Ana Néri tilbake til Brasil, der ho fekk fleire æresutmerkingar.[2][3][4] Keisar Pedro II gav henne ein livslang pensjon, som ho brukte til å utdanna fire foreldelause born ho hadde teke med seg tilbake frå Paraguay.[3][4] Ana Néri døydde i 1880 i Rio de Janeiro.[3][4]

Ana Néri er rekna som den første sjukepleiaren i Brasil. I 1926 blei den første offisielle sjukepleieskulen i landet kalla opp etter henne av Carlos Chagas.[3][4] I 1938 blei 12. mai, dødsdagen til Florence Nightingale, utnemnd til sjukepleiardagen av Getúlio Vargas.[1] Dagen er følgd av ei veke til ære for helsepersonell fram til 20. mai, dødsdagen til Néri.[5] 2. desember 2009 blei Néri teken med i 'Boka av faderlandsheltar' av president José Alencar, med planar om å leggja namnet hennar til minnesmerket «Panteon for faderlandet og fridommen», utforma som ei bok av Oscar Niemeyer, i Brasília.[6]

Eit portrett av Néri, måla av Victor Meirelles, er hengd på ein framståande plass i rådhuset i Salvador i Bahia.[3][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Ana Justina Ferreira Neri», bahiana.edu.br (portugisisk)
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Ana Neri , Algo Sobre Vestibular (portugisisisk). Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  3. 3,00 3,01 3,02 3,03 3,04 3,05 3,06 3,07 3,08 3,09 3,10 3,11 3,12 3,13 Ana Néri Biography, NetSaber (portugisisisk). Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  4. 4,00 4,01 4,02 4,03 4,04 4,05 4,06 4,07 4,08 4,09 4,10 4,11 4,12 «Ana Nery - A Matriarca da Enfermagem no Brasil», Portal Nosso São Paulo (portugisisisk). Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  5. http://www.velhosamigos.com.br/datasespeciais/diaenfermeiro.html
  6. Agência Brasil. «Anna Nery entra para o Livro dos Heróis da Pátria», Terra. December 3, 2009 (portutgisisk). Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.