Anabta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°18′25.80″N 35°07′01.00″E
Anabta
عنبتا, 'Anabta, 'Anabta, Iktaba
kommune
View of Anabta.jpg
Anabta sett frå den nærliggande byen Bal'a
Namneopphav: druer[1]
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Tulkarm guvernement
Koordinatar 32°18′25.80″N 35°07′01.00″E
Folketal 7 329 (2007)
Borgarmeister Yasser Barakat
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Anabta

Anabta (arabisk عنبتا) er ein palestinsk by i Tulkarm guvernement nord på Vestbreidda, 9 kilometer aust for Tulkarm. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Anabta eit folketal på 7 329 innbyggjarar i 2007.[2] Anabta er ein av dei eldste kommunane i Tulkarm guvernement.[3]

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Anabta er eit todelt ord som består av «Anab» (arabisk for drue) og «Ta», eit ord som refererer til ein romersk landsby.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Romersk og bysantinsk tid[endre | endre wikiteksten]

Under romersk og bysantinsk styre over Palestina, var Anabta ein samaritansk landsby.[4] Ei segn knyt landsbyen til Dositheos, ein samaritansk religiøs leiar som var aktiv det første hundråret evt.[5] Den samaritanske krønikaren Abu l-Fath (1300-talet) nemner at Dositheos døydde av svelt etter å ha gått til 'Anbata der han gøymde seg i ei hole, og fasta for å få visdom.[6] Somme oliventre som framleis finst i Anabta er sagt å vere datert attende til romersk tid.

I følgje Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine, verka staden «eldgammal»,[7] og her fanst graver skorne ut i berget og ein tank av godt murarbeid.[8][9]

Tida under mamelukkane og osmanarane[endre | endre wikiteksten]

Under styret til mamelukk-sultanen Baibars al-Bunduqdari på 1200-talet, var Anabta eit sentralt utgangspunkt for dei muslimske hærane i kampane mot krossfararane og mongolane. Staden vart valt fordi han var relativt lett å forsvare, sidan området låg mellom to store høgder.[3]

Under osmansk styre, vart Anabta oppført i osmanske skattelister i 1596 som ein del av Jabal Sami nahiya i Nablus liwa . Han hadde eit folketal på 55 muslimske hushaldningar som betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, geiter eller bikubar, og presser for druer eller oliven.[10] I 1648 skreiv den osmanske reisande Evliya Çelebi at landsbyen var busett av 100 drusar-familiar.[11]

I 1852 vitja den amerikanske vitskapsmannen Edward Robinson landsbyen. Han skildra han som «stor og velbygd», med to vassmøller ved elva. Det var mange kamelar der, sidan landsbyen låg langs hovudruta for kamelar frå Nablus til Ramleh.[12] I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine landsbyen som moderat stor, i ein dal med oliven i området rundt. Han hadde òg ei mølle.[7] Ein del av Hejaz-banen brukte å gå gjennom sentrum av landsbyen, parallelt til hovudgata.[3]

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

Den første lokal kommunen i Anabta vart grunnlagd i 1923 under Palestinamandatet. Natt til 15. april 1936, under opptakten til arabararopprøret i Palestina 1936–39 , vart køyretøy på vegen utafor Anabta angripen av væpna landsbybuarar.[13] To jødar vart skotne og drepne og ein tredje døydde seinare av skadane.[14] I juni førte ei trefning mellom lokale arabarar og britiske soldatar til at landsbyen vart bomba frå lufta.[15]

Jordan[endre | endre wikiteksten]

I 1954 under jordansk okkupasjon av Vestbreidda, vart Anabta ein kommune.[3] Mellom 1922 og 1947 auka folketalet med 110 %.[16]

Israel[endre | endre wikiteksten]

Etter seksdagarskrigen i 1967 vart Anabta ein del av israelskokkuperte territorium, og i følgje ei kjelde frå 1968 vart landsbyen kraftig utvikla og fekk lokal kommunestatus.[17] I følgje forsvarsdepartementet i Israel, vart landsbyen knytt til det israelske straumnettverket.[18]

Palestina[endre | endre wikiteksten]

Anabta ligg langs kanten av Område A i Tulkarm-distriktet, ei administrativ inndeling etter Osloavtalen i 1993, som tyder at byen er fulllstendig underlagt Den palestinske sjølvstyresmakta.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Anabta ligg 19 kilometer vest for Nablus og 9 kilometer aust for Tulkarm. Byen grensar i nord til landsbyen Kafr Rumman, i sør til byen Kafr al-Labad, i aust til landsbyen Ramin og i nordvest til byen Bal'a. Byen ligg 150 meter over havet.[3][19] Han er omgjeve av åsar på alle sider, og ein liten dal går gjennom sentrum av byen.[3] Byen har eit urbant område som dekkjer kring 1 300 mål. Området rundt er planta med oliven, fiken og mandlar eller dekt av skog. Fem undergrunnsbrunnar dannar vassforsyninga til landsbyen.[20] Den israelske busetjinga Einav ligg søraust for byen og eit israelsk kontrollpunkt ligg aust for byen.[21]

Kjende innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 178
  2. 2007 PCBS census. Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS). s. 108.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Anabta Anabta Municipality entry titled «عنبتا" (arabisk)
  4. Yoram Tsafrir; Leah Di Segni; Judith Green (1994). Tabula Imperii Romani Iudaea-Palestina: Eretz Israel in the Hellenistic, Roman and Byzantine Periods; Maps and Gazetteer. Jerusalem: The Israel Academy of Sciences and Humanities. s. 62. ISBN 978-965-208-107-0. Henta 14. juni 2011. 
  5. Adam Zertal (2000). Culture and history of the ancient Near East. BRILL. s. 370. ISBN 978-90-04-13756-1. Henta 14. juni 2011. 
  6. Alan David Crown (1989). The Samaritan. Mohr Siebeck. s. 320. ISBN 978-3-16-145237-6. Henta 14. juni 2011. 
  7. 7,0 7,1 Conder og Kitchener, 1882, s. 158
  8. Conder og Kitchener, 1882, s. 170
  9. Dauphin, 1998, s. 762
  10. Wolf-Dieter Hütteroth and Kamal Abdulfattah (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. s. 127. 
  11. Palestina. antikvitetsdepartement (1935). Quarterly of the Department of Antiques in Palestine. Pub. for the government of Palestina by H. Milford. s. 154. Henta 14. juni 2011. 
  12. Robinson and Smith, 1856, s. 125-126
  13. 'Nablus Banidits Seen as Izz ed Din's followers', Palestina Post, Friday, 17. april 1936.
  14. Israel's secret wars: A history of Israel's intelligence services, Ian Black
  15. Michael Williams (25. oktober 1936). Commonweal. Commonweal Pub. Corp. s. 266. Henta 14. juni 2011. 
  16. Transformation in Arab Settlement, Moshe Brawer, in The Land that Became Israel: Studies in Historical Geography, Ruth Kark (ed), Magnes Press, Jerusalem 1989, s.177
  17. Ori Stendel (1968). Arab villages in Israel and Judea-Samaria (West Bank): a comparison in social development. Israel Economist. s. 30. Henta 19. september 2015. 
  18. Israel. Miśrad ha-biṭaḥon (1968). The Israel administration in Judea, Samaria and Gaza: a record of progress. Ministry of Defence. s. 53. Henta 19. september 2015. 
  19. Tulkarem: town listing in a snapshot Palestina Remembered
  20. Town of Tulkarem and its villages Palestina Information Centre.
  21. Kart over den israelske sperringsmuren/-gjerdet på Vestbreidda - B'Tselem
  22. Palestinian PM who resigned is asked again to form government, 13 Aug 2013.
  23. «New Palestinian Authority government carbon copy of old». Los Angeles Times. 19. januar 2015. Henta 23. februar 2014. 
  24. Rami Hamdallah

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]