Analyse av argumenterande tekstar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Den greske filosofen Aristoteles blir rekna som grunnleggjaren av retorikken.

Analyse av argumenterande tekstar, ofte kalla argumentasjonsanalyse, er ein sjanger i norskfaget i den vidaregåande skulen. Denne forma for analyse går ut på å forklara argumentasjonen i ein tekst og vurdera argumenta kritisk. Målet er at eleven skal bli ein meir medviten lesar og dyktigare til å skriva argumenterande tekstar. I arbeidet med argumentasjonsanalysen får ein bruk for kunnskap om retorikk, språkfunksjonar, argumenttypar og verkemiddel.

Ulike typar argumenterande tekstar[endre | endre wikiteksten]

Det finst mange typar argumenterande tekstar, nokre er reine verbaltekstar, andre er samansette (multimodale). I avisene møter ein lesarbrev, kommentarar, leiarar og kronikkar, som alle høyrer inn under artikkelsjangeren. Men også friare og mindre sakprega sjangrar som petitar, kåseri og essay kan reknast til argumenterande tekstar. Reklameannonsar, reklamefilmar og propagandafilmar høyrer inn under samansette argumenterande tekstar. Talar og debattinnlegg høyrer til argumenterande munnlege tekstar.

Oppbygging av ein analyse[endre | endre wikiteksten]

Det finst fleire måtar å byggja opp ein argumentasjonsanalyse på. I alle tilfelle bør ein vera på jakt etter særpreget ved teksten og leggja hovudvekta på det. Dei fleste lærebøker har med følgjande moment:

  • Presentera teksten. Kva slag tekst er det? Kven står bak han? Kven har produsert han? Kvar og korleis er han offentleggjort? Kven rettar han seg til? Kva ønskjer han å oppnå? Kva er blikkfang eller interessevekkjar? Kva er elles hovudelementa i teksten? Viser teksten til noko utanfor teksten som kan vera viktig å ha med for å forstå han?
  • Formulera tema og hovudsyn i teksten med eigne ord og på ein kortfatta måte.
  • Syna korleis komposisjonen byggjer opp om hovudsynet. Kva hovuddelar kan ein dela teksten i og korleis er forholdet mellom dei? Er det brukt gjentakingar for å understreka bestemte argument, eller slåande kontrastar? Er teksten logisk oppbygd, eller er han prega av digresjonar og friare oppbygging? Korleis verkar dette? Dersom det er bilete i teksten, korleis er forholdet mellom tekst og bilete?
  • Syna korleis teksten byggjer opp sendaren sitt truverde. Syner skribenten/produsenten grundig kunnskap om emnet? Har han spesielle erfaringar som aukar truverdet hans? Er språkføringa, rettskrivinga og utforminga tillitvekkjande? Syner han til andre autoritetar på området?
  • Syna korleis teksten argumenterer ut frå sak: fakta, logikk og fornuft. Dokumenterer eller sannsynleggjer teksten påstandane? Generaliserer teksten ut frå einskilde erfaringar? Brukar teksten analogiar, samanlikning med liknande saker?
  • Syna korleis teksten argumenterer ved å appellera til kjensler. Inneheld teksten mykje pluss- eller minusord? Brukar han slåande metaforar og samanlikningar? Morsomme ordspel? Brukar han humor eller sjølvironi? Satire og latterleggjering av motstandarar? Konkrete døme som vekkjer kjensler? Vender han seg til publikum på ein personleg måte?
  • Samla karakteristikk av teksten. Kva er hovudstrategien eller hovudgrepet i argumentasjonen? Er det mest etos-, logos- eller patos-argument?
  • Kritisk vurdering av argumentasjonen. Er argumenta relevante? Er dei haldbare? Er her urimelege overdrivingar? Blir mannen teken i staden for ballen? Blir det spelt på kjensler på ein uforsvarleg måte? Er viktige motargument og fakta utelatne?
  • Eige syn med grunngjeving. Ei analyseoppgåve kan også be om at eleven skal gi uttrykk for sitt eige syn på temaet eller visse sider ved det.

Viktige omgrep i analysen[endre | endre wikiteksten]

Dei tre appellformene i retorikken

  • Etos er sendaren og teksten sitt truverde. Sendaren kan t.d. syna til at han har mykje kunnskap om emnet, eller «låna autoritet» ved å syna til andre som har det.
  • Logos er argumentasjon ut frå sak, fakta, logikk og fornuft.
  • Patos er å påverka mottakarane kjenslemessig.

Ein tekst vil alltid innehalda noko av alle tre appellformene eller argumentasjonsmåtane, men ofte vil ein av dei dominera og gje teksten eit særpreg. Ein reklameannonse er t.d. ofte prega av mykje patos ved bruk av kraftige fargar, store bilete og fengjande slagord og ordspel.

To typar argumentasjon

  • Direkte argumentasjon er argumentasjon ut frå sak og fornuft, altå det same som logos-argument.
  • Indirekte argumentasjon er dei verkemidla i teksten som påverkar på andre måtar, altså om lag det same som patos-argument.

Språklege verkemiddel

  • Plussord er positivt ladde ord. Minusord er negativt ladde ord. Når det blir mykje av slike i teksten, kan det verka sterkt kjenslemessig (patos). For mykje kan minka truverdet (etos).
  • Metaforar kan vera effektive patos-argument. Når t.d. tradisjonell munnleg eksamen blir kalla "nakkeskotsmetoden", gjer det inntrykk.
  • Ordspel er ofte fengjande og humoristiske.
  • Humor og mild ironi skaper kontakt og gode kjensler.
  • Bitande ironi kan vera med å stempla ein motstandar eller eit argument.
  • Personlege ord som «du» og «kjære venn» skaper kontakt og positive kjensler.

Vurdera argumentasjonen kritisk

  • Er det ballen eller mannen som blir teken?
  • Er argumenta relevante? Har dei med saka å gjera?
  • Er argumenta haldbare? Stemmer dei med dei faktiske forholda, og kan dei underbyggjast?
  • Er argumentutvalet einsidig? Er det viktige moment i saka som ikkje blir drøfta?

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]