Analytisk språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Analytisk språk er ei nemning for språk som har få eller ingen bøyingsformer. Grammatiske tilhøve blir derfor hovudsakleg uttrykt gjennom ordstillinga i ein setning og funksjonsord som preposisjonar, hjelpeverb og liknande. Språk heilt utan bøyingsformer blir kalla isolerande språk. Den motsette språktypen, der ein har mange bøyingsformer og ordstillinga har mindre tyding, blir kalla syntetisk språk.

Engelsk og mange andre vesteuropeiske språk er døme på analytiske språk. Ofte blir analytisk brukt for å samanlikna ulike språk; ein kan til dømes seia at engelsk er meir analytisk enn norsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]