Brus med ananassmak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ananasbrus)

Brus med ananassmak, i daglegtale kalla ananasbrus, er ein syntetisk fruktbrus frå Oskar Sylte Mineralvannfabrikk. Han har ein djup oransjebrun farge og smakar som ananas.

Brusen har bidratt sterkt til profileringa av Oskar Sylte gjennom åra, og er like gammal som verksemda sjølv. Ho har vore produsert etter same oppskrift i 75 år, og er spesielt populær blant utflytta romsdalingar. Da Ormen Lange-vedtaket i Stortinget blei feira på tidlegare statsminister Kjell Magne Bondeviks kontor, blei det skåla i ananasbrus. Også Sveriges tidlegare statsminister Göran Persson blei begeistra for brusen. Han skraut av den etter eit nordisk statsministermøte i Molde i 2002, og fekk med seg ei kasse med ananasbrus heim.

Brus med ananassmaks finst også som lettbrus søta med aspartam og acesulfam K.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]