Anarâškielâ servi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anarâškielâ servi

Skipa4. desember 1986
Nettstadhttps://anaraskielaservi.fi/ Sjå dette på Wikidata

Anarâškielâ servi, eller ‘den enaresamiske foreininga’, er ei foreining som vart stifta i 1986 i Enare.

Stiftingsmøtet vart halde i Ivalo 4.12. Stiftingsmedlemmane var Veikko Aikio, Ilmari Mattus og Matti Morottaja: Morottaja vart den første ordføraren. I 2019 var Marja-Liisa Olthuis leiar i foreininga.[1]

Føremålet med foreininga er å fremje og styrke enaresamisk. I 1997 starta foreininga opp eit enaresamisk språkreir som fekk namnet Kielâpiervâl. Dette språkreiret har lukkast med å auke talet på enaresamiske talarar, særleg blant barn og unge. Foreininga gjev også ut bladet Anarâš og nettavisa Kierâš, begge på enaresamisk.

17. november 2004 fekk foreininga den nordiske Gollegiella-prisen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]