Anarkisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det svarte anarkist-flagget med det uoffisielle symbolet til rørsla, ein A i ein sirkel.

Anarkisme (frå gresk anarchia - fråvær av styresmakt) blir av mange oppfatta som ei retning innan sosialismen, som i tillegg til å vere mot kapitalismen også vil avskaffe staten. Anarkistar flest tar derfor avstand frå politisk verksemd i vanleg tyding, som går ut på å skaffe seg makt innanfor staten (sosialdemokratar, demokratiske sosialistar) eller opprette ein ny stat (kommunistar). I motsetnad til den sentralistiske staten som styrer ovanfrå gjennom eit hierarki, er tanken at det anarkistiske samfunnet skal byggjast etter ei horisontal organisering av friviljuge samanslutningar av suverene einskildmenneske. Desse samanslutningane skal vonleg greia å samarbeida til alle sitt sams beste gjennom ein føderasjon, etter prinsippet om å yta etter evne og få det ein treng.

Anarkisme blir også kalla fridomssosialisme eller friheitleg sosialisme. Ein type anarkisme som vil erstatte staten med fagrørsla, blir kalla anarkosyndikalisme. Denne har stått sterkt i arbeidarrørsla sin barndom i land som Italia, Frankrike og Spania. I delar av Spania, såleis til dømes Catalunya, var den anarkosyndikalistiske fagrørsla CNT (Confederacion Nacional del Trabajo) den som stod sterkast i arbeidarklassen før den spanske borgarkrigen. I USA stod den anarkosyndikalistiske fagorganisasjonen IWW, Industrial Workers of the World, relativt sterkt i første delen av førre hundreåret. I Sverige finst det også ein slik fagorganisasjon som framleis er til å rekne med, SAC, Svenska Arbetares Centralorganisation. Den største innverknaden frå anarkismen må i dag likevel seiast å vere meir indirekte, på demokratiske sosialistar, som har stor sans for anarkistane si insistering på fridomens eigenverdi.

Anarkistiske idéar i Noreg har hovudsakleg vore hevda av ulike intellektuelle miljø, og er for det meste haldne fram av forfattarar. Mellom dei fyrste som kalla seg anarkistar i landet, var Arne Garborg og Ivar Mortenson-Egnund. Dei dreiv det radikale målbladet Fedraheimen som kom ut 1877-91. Etter kvart vart dette bladet meir og meir merkt av anarkistisk tilfang, og heilt på slutten, då Rasmus Steinsvik var bladstyrar, hadde bladet jamvel undertittelen Anarkistisk-Kommunistisk Organ. Ein annan anarkistisk forfattar frå same tidbolken var Hans Jæger, som i 1908 gav ut bokverket Anarkiets bibel. I nyare tid har Jens Bjørneboe vore den fremste målsmannen for anarkismen i Noreg.

Ulike retningar[endre | endre wikiteksten]

Flagget til anarko-syndikalismen er ei blanding av det raude og det svarte.

Det finst ei rekkje retningar innan anarkismen, blant anna:

Desse legg vekt på ulike sider ved samfunnet og ulike måtar å organisere det på, men felles for dei alle er at dei er for stor personleg fridom, dei ikkje vedkjenner seg alle autoritetar, og hyller individet sin autonomi, individet sine rettar til eigne avgjersler og rett til sjølvrealisering.

Med unntak av anarkokapitalisme blir fridomen sine fiendar definert som staten og kapitalismen. «Vi er overtydd om at fridom utan sosialisme er privilegium og urett, og at sosialisme utan fridom er slaveri og brutalitet», sa Mikhail Bakunin.

Ideologiske trekk[endre | endre wikiteksten]

Anarkistar er usamde om mykje, men det finst somme ideologiske fellestrekk i dei fleste retningane.

Autoritetar og ekspertar[endre | endre wikiteksten]

Det som er felles for all anarkisme er motstanden mot autoritetar. Autoritet tyder overordning av ei framand vilje over ens eiga. Autoritet vil på den andre sida seie underordning. Ein autoritet er ein person (eller institusjon) som tar avgjersler for andre. Autoriteten tar avgjerslene frå dei andre; den stel desse avgjerslene. I vanleg språkbruk tyder autoritet, i tillegg til ein som fattar andres avgjersler, også sakkunnskap eller kompetanse. I anarkistisk språkbruk er det eit skarpt skilje mellom ekspertkompetanse og avgjerslekompetanse. Kompetansen åt ekspertane dreier seg om utgreiingar og framlegg. Retten til avgjersler ligg hos dei som blir mest råka av avgjerslene, i omfang og styrke. Ein utanforståande ekspert er ikkje nødvendigvis han som vert påverka av avgjersla. Ein tannlege har kunnskap om tenner, og vil kunne gje meg råd om rotfylling, men det er opp til meg å avgjere om tannlegen skal rotfylle tanna mi. Eg kan om eg ser det naudsynt også gå til ein annan tannlege for å be om råd, men den endelege avgjersla om eventuelt å rotfylle er mi, og berre mi.

Staten og kapitalismen[endre | endre wikiteksten]

Anarkistane er motstandarar av staten, dvs. skiljet mellom dei som styrer og dei som vert styrt. Anarkistar er dermed også anti-sosialistar, anti-kommunistar og anti-fascistar, ettersom eigenarten åt sosialismen, fascismen og kommunismen har ein sterk stat som føresetnad. Spesielt kommunisme som ikkje tillèt privat eigedomsrett, i praksis svarar det til at staten eig alt. Anarkistar fornektar ideen om formynderi; at nokon enkeltindivid, klasser eller parti har rett til å rå over andre menneske. Staten bygger på økonomisk ulikskap, autoritetstru og leiarprinsipp. Statsomgrepet er ikkje berre det vi oppfattar med staten, altså ein nasjonal overbygning ─ regjering, men ein spesiell type organisering av samfunnet ─ hierarki. I staden for berre å vere antistatleg er anarkismen derfor primært ei rørsle mot hierarki, då hierarki er den organisasjonsstrukturen som konkretiserer autoritet. Sidan staten er den «høgste» form for hierarki, er anarkistar per definisjon antistatlege; men dette er ikkje ein heildekkande definisjon av anarkismen. Det inneber at alle anarkistar er imot alle former for hierarkiske organisasjonar, det vere seg i ei verksemd, ein organisasjon eller ein kommune, ikkje berre staten. Ein må ikkje forveksle staten med samfunnet eller eit geografisk område. Dei som gjer det trur ofte ved mistak at anarkistar er mot alle sosiale band, alle typar kollektivt arbeid, alle former for offentleg verksemd, og at anarkistar lever i ei stode av isolasjon. Dette er ei feil oppfatning av anarkistar. Staten er også ein tilstand, eit spesielt samband mellom menneske, ein måte å oppføre seg på; vi øydelegg staten ved å inngå andre samband, ved å oppføre oss annleis. Staten vert kjenneteikna av ein struktur for avgjersler, og av institusjonar som definerer si eiga makt og andre si makt. Til dette nyttar leiinga maktmiddel dei sjølv har monopol på. Dette inneber òg at eit privat føretak med ein hierarkisk avgjerslestruktur har ei statleg organisasjonsform.

Anarkistane er imot kapitalismen, dvs. skiljet mellom eigarar og eigedomslause. Eigedomsretten til produksjons- og distribusjonsmidla føreset eit lite mindretal av dei som held på eigedomar og eit stort fleirtal av eigedomslause. Dei siste er bunden til mindretalet av eigarar for å få arbeid og midlar til livsopphald. Dei er lønsarbeidarar, og meirverdien dei skaper vert kontrollert av dei som sit på eigedom, og ikkje av dei sjølve. Privat eigedom er på mange måtar som en privat type stat. Eigaren avgjer kva som skal skje innan det området ho eller han eig, og utøver derfor eit maktmonopol over det. Det som kjenneteiknar kapitalismen er produksjon for profitt (pengar skal bli til meir pengar), ikkje for å komme i møte trongen til folk. Anarkistane har som eit mål å fjerne den private eigedomsretten til produksjons- og distribusjonsmidla – om ikkje anna dei middel som føreset at eigaren må kjøpe arbeidskraft.

Det karakteristiske ved eigedom er «herredømme over andre», altså ei eller anna form for dominans, f.eks. det å eige ein frisørsalong med fleire tilsette. Anarkistane vil i staden innføre «lån», eller bruksrett. Det karakteristiske ved bruksrett er å «vere sin eigen herre», på individuell eller kooperativ basis, f.eks. drive som frisør aleine, eller at fleire frisørar på like fot går saman om ein salong. Anarkistar er for den privateigedom som ikkje kan brukast til å utnytte andre - personlege eigedelar som vi samlar frå vi er barn og blir del av liva våre. Prinsippet er at eit menneske har rett til det som det sjølv produserer igjennom arbeidet sitt, men har ikkje rett til det som kjem frå andre sitt arbeid.

Desse to typar av autoritet, stat og kapitalisme, lever i eit gjensidig forhold til kvarandre, og kan vanskeleg verte skilt. Det er en viss samanheng mellom mangel på sidestilling og sviktande likestilling. Overordning og utbytting, politisk og økonomisk hierarki, er langt på veg to sider av same sak: «Staten [...] er eit middel for den besiddende klasse til at opretholde sin økonomiske makt.» (Til Frihet 2/1904. Utgitt av Kristofer Hansteen)

«Et moderne storkapitalistisk selskap adskiller sig hverken i sin opbygning, sitt vesen, i sine mål, i sine arbeidsmetoder eller i sine problemer nevneverdig fra en stat. Den eneste synlige forskjell er at et storkapitalistisk selskap som oftest er bedre organisert og blir ledet fornuftigere og dyktigere enn en stat.» (Alarm, nr. 22 1937. «Et sant ord» av B. Traven)

Den klassiske anarkismen er sosialistisk, eller i det minste antikapitalistisk. Anarkokapitalistar vil vere usamde i skildringa av kapitalisme og eigedom. Anarkokapitalismen er ei relativt ny retning. Han ser på seg sjølv som liberalistisk, og dei andre anarkistiske retningane vedkjenner derfor ikkje anarkokapitalismen som anarkistisk.

Det anarkistiske samfunn - ei skisse[endre | endre wikiteksten]

Anarkismen er ein politisk teori med ein målsetnad om å skape eit samfunn med individuell fridom, kor frie individ fritt samarbeider som likeverdige. Berre dei som sjølv vert omfatta av avgjerslene og tar ansvar for å setje dei i verk tar avgjersler og følgjer dei opp. Det vil seie at kvart individ tar avgjersler i personlege saker. Partane som vert omfatta av avgjersler i fellessaker avgjer desse direkte på like fot, av to i saker som avgjer for to, av tre i saker som omfattar tre osb., og av alle i allmenne saker. Målet er å oppnå konsensus så langt dette er mogleg. Ulike anarkistiske retningar vil legge vekt på ulike sider ved organiseringa av samfunnet, men desentralisme og føderalisme vil vere felles for dei fleste retningane.

Desentralisme[endre | endre wikiteksten]

Anarkismen er imot alle former for hierarkisk kontroll. Ein skal bygge samfunnet frå botnen, autoritetar skal ikkje tvinge avgjersler nedover i eit hierarki. Anarkistar føretrekkjer derfor eit desentralisert samfunn, utan undertrykkjande institusjonar, eit samfunn organisert gjennom ein føderasjon av frie assosiasjonar og samanslutningar. Dei ser denne forma for samfunn som det beste for å maksimere verdiane fridom, likskap og solidaritet. Berre med ein rasjonell desentralisering av makt, både strukturell og territorial, kan ein oppfostre og oppmuntre individuell fridom. Frie assosiasjonar er hjørnesteinen i eit anarkistisk samfunn. Individ må vere frie til å slå seg saman etter eige ønske, for dette er grunnlaget for fridom og menneskeleg verdigheit. Likevel må ei kvar slik semje vere basert på desentralisering av makt, sidan berre likskap syter for den sosiale grobotnen for at fridomen skal vekse og utvikle seg. Anarkistar stør derfor direktedemokratiske kollektiv. Delegeringa av makt i hendene på ein minoritet er ei openberr nekting av individuell fridom og sjølvrespekt. I staden for å ta styringa av folk sine saker og gje dei i hendene på andre, vil anarkistane favorisere organisasjonar som minimaliserer autoritet, og held makta (eller rettare sagt: styrken) i botnen, i hendene på dei som er påverka av omfanget av ei kvar avgjersle. I somme situasjonar kan dei godta representantar, men desse må kunne møte med «bunden mandat», og kunne trekkast tilbake og skiftast ut umiddelbart.

Føderalisme[endre | endre wikiteksten]

Det føderative organisasjonsprinsippet inneber at ulike grupper samorganiserer seg til ein føderasjon når dei har felles trong for det. Dette medfører at nokre føderasjonar har kort levetid, medan andre har lang levetid. Ikkje alle føderasjonar er geografiske, men er sette saman av folk frå ulike geografiske område som har felles interesse(r). Ei gruppe har rett til å stille seg utanfor, og ho held på retten til eigne avgjersler innanfor føderasjonen i alle spørsmål med unnatak frå dei som føderasjonen er laget for. Inga gruppe kan handle i strid med avgjersler som er tatt i fellesskap, på ei annan side kan ikkje eit sentralt organ tvinge eller stenge vegen for dei lokale gruppene så lenge dei handlar i eigne saker, under eige ansvar og med eigne ressursar. Ein konsekvens av føderalisme er mangel på standard prosessar som passar for avgjersler for kvar ein type spørsmål, men ein samarbeider i kvar einskild sak med dei som har interesse av nettopp den aktuelle saka.

Ikkje alle saker kan finne ei løysing på lik linje lokalt, i lokale institusjonar og prosessar, i alle kommunar, ─ det finst også nasjonale oppgåver, regionale oppgåver, kommunale oppgåver, grendeoppgåver, bydelsoppgåver, og individuelle oppgåver.

Målet er at menneske og grupper sluttar seg saman kor dei finn det ønskeleg og naturleg, at dei sluttar seg saman i større einingar og delegerer noko av makta si oppover om nødvendig. Det er altså ikkje sentrale organ som delegerer makt til lokale organ, men folk frå lokale organ som kjem saman og delegerer noko av makta si til felles organ; til dømes eit interkommunalt busselskap, eit nasjonalt kredittfond, eit nasjonalt arbeidarråd osb. Anarkiet er eit fritt samfunn bygd på samvirke, arbeidarane sin kontroll over produksjonen, føderalisme og desentralisering som middel til å omforme samfunnet, kommunen og arbeidarsameininga som sentrale sosiale einingar, avskiping av landegrenser og nasjonalstatar.

Anarkismen sine sentraliserte motstykke[endre | endre wikiteksten]

Mellom 1910 og 1920 utvikla det seg ein sentralisert versjon av anarkosyndikalismen i Italia. Tilhengarane av denne nye ideologien kalla seg nasjonalsyndikalistar, og desse ønskte at ordningar tufta på fagsamskipnadar skulle erstatte parlamentarisk partidemokrati. Klassisk anarkosyndikalistisk teori om demokratisk kontroll også over sjølve produksjonsmidla var også til stades hos nasjonalsyndikalistane, men dette gav seg aldri utslag i praktisk politikk.

Anarkismen i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Anarkistiske idear i Noreg har hovudsakleg vorte hevda av ulike intellektuelle miljø, og det er anarkistiske forfattarar som har sett dei største spora etter seg. I dei to første tiåra av 1900-talet hadde anarkismen ein viss påverknad på arbeidarrørsla.

1800-talet[endre | endre wikiteksten]

Forlauparane[endre | endre wikiteksten]

Ein kan spore anarkismen sin historie i Noreg tilbake til arbeidarrørsla si spede start omkring 1850. I dei kommande tiåra stod det fram personar som var influert av dei tidlege sosialistane og eller anarkistane. Desse var ikkje nødvendigvis anarkistar, sjølv om dei på somme område stod nær anarkismen.

Marcus Thrane starta den første arbeidarsamskipnaden i 1848 i Drammen. Året etter starta han Arbeider-Foreningernes Blad. Bladet gav ut utførlege utdrag av den franske anarkisten Pierre-Joseph Proudhon sine skrift, skreddarsveinen Wilhelm Weitling sin utopiske kommunisme, Etienne Cabet sin kommunistiske trosvedkjenning, tilvisingar til Saint-Simon, Jean-Joseph-Louis Blanc og andre tidlege verk av sosialistar. Thrane var en stor beundrar av Proudhon, som han karakteriserte som […] «vor tids uden tvivl største sjeni[…]», men han oppfatta seg ikkje som anarkist sjølv. Han blir regna som Noregs første sosialist, og kooperasjonsrørsla sin far. I slutten av juni 1850 hadde arbeidarsamskipnadane 20 854 medlemmer fordelt på 273 samskipnadar. I 1851 vart Thrane arrestert, og tilslutt fengsla. Arbeidarsamskipnadane vart lagt ned eller skifta karakter. Thrane slapp ut i 1859, og han emigrerte til USA i 1863. Han tok avstand frå justismorda på en del anarkistar etter «Haymarketopptøya» i Chicago i mai 1884. Thrane kjente personleg ein av dei som vart hengt.

Søren Jaabæk stiftet den første bondevennsamskipnaden i 1865, i Mandal. Bondevennane la vekt på desentralisering og lokalt sjølvstyre. Samvirkerørsla var eit vesentleg innslag i bondevennpolitikken. På midten av 1870-talet forsvann samskipnadane. I ein periode hadde Jaabæk nær kontakt med den radikale bondestudenten Olaus Fjørtoft, og i 1871 skreiv Fjørtoft at «Jaabæk er vor Carl Marx, som stend jamsies mæ han og vaar bondereising e original». Liberalistar har karakterisert Jaabæk som Noregs første liberalist. Kretsen rundt Fedraheimen oppfatta ideane sine som ei vidareutvikling av Jaabæk sin radikalisme. Kommunalisten Søren Jaabæk vart «gjenoppdaga» av radikale populistar i tida rundt folkeavstemminga om EF i 1972.

1880-talet oppstod ei gruppe rundt Hans Jæger som vart kalla Kristianiabohemane. Bohemtilværet var ei storbylivsform og oppstod parallelt med ein studenteksplosjon. Sosialt sett var bohemen i hovudsak ei gruppe intellektuelle frå overklassen. Dei var «barn av betre stilte» med ein relativ trygg samfunnsbakgrunn, som vart fanga opp av dei nye tankane i tida, og som derfor kom i steil og fiendtleg opposisjon til eigen familie og slektstradisjonar. Dei braut med livsstilen til foreldregenerasjonen. Dette var eit uttrykk for eit ungdomsopprør innanfor det høgre lag i samfunnet ─ med «utagerande festing», sex og fyll. Sentrale verdiar for bohemen var personleg fridom, individualisme, frisinn og modernitet. Bohemen sitt utsvevande liv på kafeane var eit uttrykk for at dei braut med normene som prega det borgarlege tilværet, og at dei neka å halde oppe skiljet mellom det offentlege og det private liv som den borgarlege livsforma føresette.

Henrik Ibsen var i ungdommen innom Thrane sin rørsle , og vart kanskje inspirert av Proudhon og Wilhelm Marr sine skrift. Han skal bl.a. ha lest Marr sin bok «Anarchie oder Autorität» Han skreiv i Arbeider-Foreningernes Blad, og var lærar på søndagsskolen til Kristiania Arbeiderforening. Ibsen sjølv meinte at det var eit tilfelle at han ikkje vart arrestert då styresmakta gjekk til storm mot arbeidarsamskipnadane i 1851. I private brev gav Ibsen uttrykk for sin «Ikkje-stats teori». Denne vart stykkevis kjent for det offentlege då «Breve» vart offentleggjort i 1904. Fleire i samtida oppfatta Ibsen som anarkist, og seinare vart han populær både hos dei svenske og dei norske ungsosialistane. Ein kan ikkje seie noko sikkert om korleis Ibsen sjølv såg på eige forhold til anarkismen. Det er ikkje kjent at han nokon gong kalla seg anarkist, men han protesterte heller aldri når folk i samtida hans kalla han anarkist.

De første anarkistane[endre | endre wikiteksten]

Mellom dei første som kalla seg anarkistar i landet, var Arne Garborg og Ivar Mortensson-Egnund. Dei dreiv det radikale målbladet Fedraheimen som kom ut 1877-91. Etterkvart vart dette bladet meir og meir merkt av anarkistisk stoff, og heilt på slutten, då Rasmus Steinsvik var bladstyrar, hadde bladet endatil undertittelen «Anarkistisk-Kommunistisk Organ». Steinsvik vart seinare medlem av Anarkistisk-Communistisk Gruppe «Libertas» kor Kristofer Hansteen var ein sentral person. Gruppa vart starta av tyskarar i 1891-92, og eksisterte fram til Hansteen døydde i 1906. Den kommande LO-leiaren Ole Olsen Lian og broren Sigwald Lian, var også med.

1900-1930[endre | endre wikiteksten]

I og utanfor dei sosialdemokratiske samskipnadane vart det driven ein sterk ungsosialistisk og til dels anarkistisk kampanje. Libertas-gruppa, med Kristofer Hansteen i spissen, var føregangsmenn i dette arbeidet, men Hans Jæger, som i 1908 ga ut bokverket «Anarkiets bibel» og frie svenske innvandrarar, samt russiske flyktningar, bidrog også. I 1909 braut ungsosialistane ut av den sosialdemokratiske ungdomssamskipnaden og starta Norges Ungsocialistiske Forbund. Det skifta namn til Norges Social-Anarkistiske Forbund i 1923. Forbundet vart nedlagt i ca. 1928. I 1911 vart Fagopposisjonen av 1911 skipa, med Martin Tranmæl i spissen. Dette var ingen anarkistorganisasjon, men anarkistar, ungsosialistar og syndikalistar gjorde seg til tider sterkt gjeldande. Fagopposisjonen døydde ut då Martin Tranmæl og menna hans tok kontroll over LO og Arbeidarpartiet. Norsk Syndikalistisk Føderasjon (NSF) vart starta i 1916, i hovudsak av svenske arbeidarar med band til SAC. NSF nådde høgdepunktet sitt i 1920-21 med 3100 medlemmer i 62 lokale samorganisasjonar (LS). Den siste store syndikaliststreiken var ved Fosdalen gruver i Malm i Nord-Trøndelag i 1925. Ein streik syndikalistane tapte. Føderalistisk Propagandaforbund, en syndikalistisk opplysnings- og propagandaorganisasjon innanfor LO, vart starta i 1924 av folk frå Norges Social-Anarkistiske Forbund. Denne kom bort ca. 1928.

1930-1945[endre | endre wikiteksten]

Emma Goldman

I april 1932 vitja den russisk-amerikanske anarkisten Emma Goldman Noreg . I Oslo talte ho på 2–3 møter arrangert av Oslo Arbeidarparti og Arbeidarpartiet sin studentgruppe, då Studentersamfundet i Oslo, «landets friaste talarstol», nekta henne å tale der etter påverknad frå det kommunistiske (Mot-Dagistiske) styret. Tema var «Den amerikanske klassejustis» og «Ein anarkist sitt liv». Til Alarm orsaka ho at den anarkistiske rørsla for tida var død i Noreg . I same intervju sa ho at ho ville komme tilbake til Noreg på hausten. Då ville også Oslo LS mest sannsynleg arrangere eit foredrag med henne. Det finst ikkje kjente prov på at ho kom tilbake til Noreg. I 1935 vart «Den syndikalistiske kvinnegruppe Samhold» stifta. Frå og med 1935 måtte NSF’arar ha dobbelt medlemskap for å få arbeid. I tillegg til å vere med i NSF måtte dei òg vere medlem av LO. LO hadde i fleire år kravd monopol på arbeidsplassane; LO-forbundet sine medlemmer skulle ha fortrinnsrett til arbeid. Dette gjekk arbeidskjøparane med på, og monopolet vart nedfallen i ei rekke tariffavtalar. I 1937 var talet på Lokale Samorganisasjonar (LS) i syndikalistføderasjonen gått ned til omkring tjue, og det var også ein «forgubbingsprosess» på gang. Vinteren 1940 vart Carl O. Tangen dømd til eit års fengsel for ærekrenking mot leiinga til ein framand stat, etter førespurnad frå Tyskland. Opptakta var eit oppslag i Alarm den 9. desember 1939 kor Adolf Hitler, Hermann Göring og Joseph Goebbels vart omtal på en lite ærefull måte. 9. april 1940 overfall dei tyske nazistane Noreg. NSF sine lokale vart okkupert og Alarm vart stoppa av okkupasjonsmakta. Oslo LS vart oppløyst av dei tyske nazistane, men eksisterte likevel illegalt. Carl O. Tangen vart tatt av Gestapo og sett på Grini.

1945-1970[endre | endre wikiteksten]

Etter krigen kom det atter i gang verksemd i fagsamskipnadar i Oslo og i steinhoggardistriktet i Østfold (Fagerholt LS). Dei skal ikkje ha hatt meir enn ca. 200 medlemmer. Alarm skifta namn til Solidaritet. I 1950 vart Norges Syndikalistiske Ungdomsforbund starta, men «forgubbingsprosessen» heldt fram, steinindustrien i Østfold ebba ut, og dermed brann rørslene sakte ut. Den eine LS-gruppa etter den andre vart oppløyst. I 1951, då Solidaritet gjekk i sin 7. årgang, kom det førebels siste nummer av bladet ut. Den 8. årgang kom ikkje før i 1957. På dette tidspunktet var Oslo LS den einaste samorganisasjonen som var igjen i NSF. I 1960 gjekk Solidaritet inn.

Dei syndikalistiske rørslene døyde ut på 1960-talet grunna forgubbing og mangel på rekruttering.

1970-talet[endre | endre wikiteksten]

Føderasjonen av Anarkistisk Ungdom, FAU, starta opp i Kristiansund i 1966/67, men det var først etter studentopprøret i Paris i 1968 at interessa for anarkismen igjen verkeleg blei vekt til live.

Jens Bjørneboe skreiv essayet «Anarkismen som fremtid» i 1969. I 1971 heldt han ei innleiing i Studentersamfundet i Oslo over temaet «Anarkismen… i dag?». Bjørneboe fekk stor innverknad på den nye spirande anarkistrørsla.

Ei anna større gruppe var Bodø Anarkistiske Liga. Dei gav ut Sort Kamp, og publiserte fleire andre trykksaker. BAL var sentral både i nasjonal og internasjonal samanheng, og var godt kjent i utlandet. Dette var ei anarkistgruppe med kontakt til fleire utanlandske anarkistorganisasjonar. I Noreg samarbeidde BAL særleg med FAU i Kristiansund, Hjelmsgate og Kommunen i Oslo, – dessutan med miljøvern- og urfolkrørsler kor BAL deltok både i Mardøla, Masi og Alta.

Diverse smågrupper med meir eller mindre anarkistisk tilsnitt dukka opp. I 1970 var det 2–3 grupper. I perioden 1968–1972 låg sentrum av rørsla i byane Kristiansund og Bodø, med dei einaste verkelege gruppene som fungerte. I 1973 var talet tidobla. Svarte og svartraude flagg vaia på 1. mai. Ei rekkje sosialistiske grupper kom fram, og sprakk fort som trolla i eventyret, eller forsvann om litt av ulike årsaker. I tillegg til desse gruppene fanst det ei rekkje enkeltpersonar som stod som lokale kontaktpersonar.

I påska 1973 vart «Anarkistgruppenes landsmøte» halde. Føderasjonen av «Anarkister/Frihetlige Sosialister» (FAFS) vart realisert i 1974. Folkebladet for fri sosialisme, som starta i 1971 av ei gruppe frie sosialistar på Blindern, vart no organ for FAFS. Folkebladet hadde eit opplag som varierte mellom ca. 2000 til 4000.

Fraksjonar av FAFS braut ut av organisasjonen i 1975 og danna «Revolusjonære Arbeideres Forbund (anarkistene)» - RAF (a). Dette var ein anarkosyndikalistisk kaderorganisasjon, som bygde på marxismen i politiske økonomi i teori og praksis, samt på røynsler frå sjølvstyrte arbeidarstyre som til dømes pariserkommunen, den russiske revolusjonen og den spanske revolusjon og borgarkrigen.

FAFS gjekk i oppløysning på nyåret 1976, kort tid etter at Folkebladet gjekk inn. Årsaka var i hovudsak strid om marxismen. I oktober same år vart RAF nedlagt.

I tillegg til desse fløyene fanst det representantar for alternativrørsler, med vekt på å leve ut ideane i praksis. Dei danna små samfunn med demokratiske strukturar, likestilling mellom kjønna og miljømedviten i praksis. Kollektiva på Karlsøy i Troms og rundt Farsund er kanskje dei mest kjente.

I 1977 kom gamle NSFare og unge arbeidarar saman og reorganiserte NSF. Bakgrunnen var eit kontaktnett innan ei lita gruppe arbeidarar. Fram mot LO-kongressen dette året forsøkte desse, med eit visst hell, å samordne forslag til kongressen gjennom fagsamskipnadane. 16. april vart stiftinga av Norsk Syndikalistisk Forbund formalisert, som ein samordningsorganisasjon for syndikalistiske arbeidarar. Dette var arvtakarane etter Norsk Syndikalistisk Føderasjon.

ANORG- ANarkistenes ORGanisasjon - blei stifta 13/9 1977. I 1979 kom Folkebladet ut på nytt, no som organ for ANORG.

Anarkisme i Noreg i dag[endre | endre wikiteksten]

Anarkistane i Noreg i dag er laust organisert. Følgjande prosjekt er relatert til anarkisme eller anarkistar:

  • Hausmania - Mange anarkistar er involvert i Kulturhuset Hausmania i Oslo. Bokkafeen Humla og filmkollektivet Spis de Rike held til her, samt Indymedia som òg pleidde å ha møter der. I tillegg ligg dei autonome bokollektiva Vestbredden og H42 i same kvartal som Hausmania. Her bur anarkistar og dei er styrt gjennom direkte demokrati. Punkscenen Barrikaden ligg i kjellaren på Vestbredden.
  • Blitz - Blitz er i det store eit anarkistisk prosjekt. «Anti-Fascistisk Aksjon» var på 90-talet det mest aktive anarkistiske miljøet i Noreg sjølv om det ikkje var erklært anarkistisk, og også bestod av mange kommunistar og liknande .
  • Gateavisa - Er Noregs eldste anarkistiske avis. Gateavisa har adresse i Hjelmsgate 3 i Oslo. Her har også «Frihetlig forum» møter relativt regelmessig. «Frihetlig forum» er ei lita gruppe anarkistar, frie sosialistar og liknande som møtast for å diskutere teori. Dei står bak «frihetlig.org». I Hjelmsgate ligg òg den anarkistiske bokkafeen Jaap Van Huysmanns Minde.
  • UFFA - UFFA-hus (UFFA=Ungdom For Fri Aktivitet) er Trondheims svar på Blitz og er eit halvt år eldre enn Blitz. Aktivistane på huset er stort sett anarkistar og huset er styrt etter anarkistiske prinsipp. I huset finn ein blant anna ein vegetarkafé, bokkafé, ei «punkfanzine» (Dønk Zine) med ein politisk og anarkistisk profil, filmkollektivet Spis De Rikes avdeling Trondheim m.m.
  • Svartlamon - er ein liten bydel i Trondheim med ca. 200 innbyggjarar. Bydelen var rivingstrua av kommunen på 90-talet, men blei til slutt freda etter ein lang kamp. Mange innbyggjarar i bydelen er anarkistar og bydelen er styrt gjennom direkte demokrati på dei månadlege allmøta. Bebuarar på Svartlamon starta den anarkistiske organisasjonen Folkemakt som på 90-talet, han ligg no nede. I bydelen ligg også den anarkistiske bokkafeen Ivar Matlaus.
  • Hurdalsjøen Økologiske Landsby -Økolandsby styrt etter konsensusprinsippet. Prøver å bygge eit anarkistisk idealsamfunn på den norske landsbygda. Ikkje uttalte anarkistar.
  • Anarkistisk elektronisk leksikon er lagt ned.

Det er mange anarkistar i Adbusters-nettverket utan at det kan seiast å vere eit anarkistisk nettverk. I tillegg finst det mange uorganiserte anarkistar og nokre fleire kollektiv som Karlsøy og mange andre. Blant anna eksisterer framleis Anarkistenes organisasjon (ANORG) og Norsk Syndikalistisk Forbund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bidrag lagt til den 2. september 2007 var ei omsetjing frå artikkelen «Anarkisme» på bokmålprosjektet av Wikipedia, slik artikkelen var der same dato. Han viser til kjeldene:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Morgenstierne, Syphilia: Anarkistene i verdenshistorien 1, Forlaget Fritt og vilt, 2008