Anatolij Julin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anatolij Julin
Statsborgarskap Sovjetunionen, Belarus
Fødd 9. mars 1929
Q43254832
Død

29. august 2002 (73 år)
Minsk

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1956, Sommar-OL 1952

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Anatolij Ivanovitsj Julin (10. mars 192929. august 2002) var ein friidrettsutøvar frå Tula oblast i Sovjetunionen som i 1954 vart europameister i 400-meter hekkeløp.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Julin vann aldri 400 meter hekk i den sovjetiske meisterskapen. Dei tre åra 1952-54 vart han andremann bakom bestemann i Europa i øvinga, Jurij Litujev. Under Sommar-OL 1952 i Helsinki vart Julin nummer fire på 52,8 sekundar, 0,6 sekund unna bronsemedaljøren John Holland frå New Zealand, Litujev tok sølvmedaljen og Charles Moore frå USA vann gull.

I europameisterskapen 1954 i Bern sprang Julin sitt beste løp nokon gong og vann på tida 50,5 sekundar, Litujev fekk sølv på 50,8. Litujev var då sidan 1953 verdsrekordhaldar med tida 50,4. Julin si tid var årsbeste i verda i 1954, også i 1955 stod han med 51,0 sekundar for det beste langhekkløpet i verda. Ved dei olympiske leikane i Melbourne i 1956 vart Julin klokka inn 51,7 i semifinalen, 0,4 sekund for seint til finaleplass. Han var elles del av det sovjetiske mannskapet som heller ikkje kom til finale, tida 3.11,2 var den åttande beste i kvalifiseringa. Seinsommaren 1958 kvalifiserte Julin seg til finalen på langhekken ved EM i Stockholm, der han vart femtemann på 52,3 sekund.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]