Anatolij Lunatsjarskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lunacharsky.jpg

Anatolij Vasiljevitsj Lunatsjarskij (23. november 187526. desember 1933) var ein sovjetisk politikar og forfattar. Som folkekommissær for undervisningsstellet 1917-29, prøvde han å bygge bru mellom marxismen, vitskapsfolk og kulturpersonlegdomar frå tida før oktoberrevolusjonen. Han skreiv ei mengd avhandlingar om mellom anna litteratur, teater, musikk og biletkunst, samt leverte tekstar til ei rekke teaterstykke.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Lunatsjarskij var fødd i Poltava i dåverande Tsar-Russland, dagens Ukraina. Han studerte i to år ved universitetet i Zürich, utan å avlegge eksamen. I Zürich møtte han leiande europeiske sosialistar som Rosa Luxemburg og Leo Jogiches, og melde seg inn Russlands sosialdemokratiske parti.

Då partiet i 1903 delte seg i to, bolsjevikane og mensjevikane, leia av høvesvis Vladimir Lenin og Julius Martov, fylgde Lunatsjarskij bolsjevikane. Men då bolsjevikane i 1908 vart delt mellom fraksjonane til Lenin og Aleksandr Bogdanov, støtta Lunatsjarskij svigerbror sin, Bogdanov. Saman med Bogdanov starta han i 1909 ein skule for russiske sosialistar i Maksim Gorkij sin villa på øya Capri. Året etter flytta Bogdanov, Lunatsjarskij, Mikhail Pokrovskij skulen til Bologna, der dei dreiv undervisning heile 1911.

I 1913 flytta Lunatsjarskij til Paris, der han starta sin eigen "Sirkel for proletærkultur". Etter 1. verdskrigen braut ut i 1914, hevda Lunatsjarskij eit overnasjonalistisk, antikrig syn, eit standpunkt som fall saman med det Lenin og Lev Trotskij hadde. I 1915 starta Lunatsjarskij og Pavel Lebedev-Polianskij oppatt den sosialdemokratiske avisa Vpered, med hovudvekt på arbeidarkultur. [1] Etter februarrevolusjonen i 1917 reiste Lunatsjarskij heim til Russland. Til liks med andre nyleg heimvende sosialdemokratar, gjekk han i kortvarig samband med Mezjraiontsij. Deretter slo sosialdemokratane seg saman med bolsjevikane i juli-august 1917.

Lunatsjarskij vart etter oktoberrevolusjonen i 1917 kommissær for opplysning i den fyrste sovjetregjeringa. Han beheldt denne posisjonen, der han styrte undervisninga, til 1929. Lunatsjarskij vart knytt til Bolsjojteateret i 1919, og samarbeidde med folk som Maksm Gorkij, Aleksandr Blok og Maria Andrejeva. I denne perioden var han også leiar av sovjetstaten sitt fyrste system for sensur. Han gav Aleksandr Bogdanov hjelp med skipinga av eit halvt sjølvstendig , proletært kunstorgan, Proletkult. Lunatsjarskij hadde tilsyn med utviklinga av lesedugleiken hos det russiske folk, som vart kraftig betra i desse åra. Han ivra for bevaring av historiske bygningar, til skilnad frå element i bolsjevikpartiet som ynskte øydelegge dei. Lunatsjarskij grunngav vernetanken med bygningane sitt arkitektoniske verd.

Lunatsjarskij i Berlin i 1930, på gjennomreise saman med kona Natalija Rosenel

Josef Stalin styrkte makta si, seint i 1920-åra, mista Lunatsjarskij alle dei viktige posisjonane i regjeringa. I 1930 var han Sovjetunionen sin utsending til Folkeforbundet og i 1933 vart han utnemnd til ambassadør i Spania. På gjennomreise til Spania, døydde han i Menton i Frankrike.

Liket av Lunatsjarskij vart returnert til Moskva. Urna hans vart gravlagd i Kreml, eit uvanleg privilegium i sovjettida. Under den store terroren, 1936-38, vart Lunatsjarskij sitt namn fjerna frå kommunistpartiet si historie og memoarane hans vart forbodne. [2] Seint på 1950-talet og utover i 1960-åra opplevde ein ny interesse for hans gjerning. Ei bylgje av minnearbeid om Lunatsjarskij og virket hans kom allmenta til del, og samstundes vart mange gater og organisasjonar kalla opp etter han. Den sovjetiske intelligentsiaen såg i den epoken på Lunatsjarskij som ein danna, raffinert og tolerant sovjetpolitikar.

Lunatsjarskij var ein framifrå skribent. Han skreiv essays om arbeida til fleire forfattarar, mellom dei Aleksandr Pusjkin, George Bernard Shaw og Marcel Proust. Hans mest minneverdige verk er likevel memoarane hans, Revolusjonære silhuettar, som skildrar anekdotar og Lunatsjarskijs overordna inntrykk av Lenin, Trotskij og åtte andre revolusjonære. Trotskijs reaksjonar på nokre av Lunatsjarskij sine meiningar er å lese i hans eigen sjølvbiografi, Mitt liv.

Personlegdom[endre | endre wikiteksten]

Lunatsjarskij var ein kunstkjennar av rang og ein gløgg kritikar. Han var interessert i filosofi, mellom anna mykje oppteken av idear framsett av Fichte, Nietzsche og Avenarius.[3] Han kunne lese seks moderne språk og to daude. Lunatsjarskij brevveksla med verdskjende karar som forfattarane H. G. Wells, George Bernard Shaw og Romain Rolland.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. See Bernice Glatzer Rosenthal, New Myth, New World: From Nietzsche to Stalinism, Pennsylvania State University, 2002, p.85 ISBN 0-271-02533-6
  2. Roy Medvedev, Let History Judge, 1971
  3. http://taina.aib.ru/biography/anatolij-lunacharskij.htm