Anatolij Mikhajlov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anatolij Mikhajlov
Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 14. september 1936 (84 år)
St. Petersburg
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1964, Sommar-OL 1956, Sommar-OL 1960

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen, Honoured coach of the RSFSR, Æresordenen

Anatolij Arkadjevitsj Mikhajlov (fødd 14. september 1936) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Leningrad som tevla for Sovjetunionen. Han vart europameister i 110 meter hekk i 1962 og vann bronsemedaljen i øvinga i Sommar-OL 1964.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Mikhajlov vann bronsemedalje på korthekken under europameisterskapen 1958 i Stockholm med tida 14,4 sekundar, vesttyske Martin Lauer sette europarekord på 13,7 og vann gull, jugoslaven Stanko Lorger tok sølv på 14,1. Under dei olympiske sommarleikane 1960 i Roma imponerte Mikhajlov med 13,9 sekundar i kvartfinalane, men i semifinalen fall han og rauk ut or tevlinga.

Høgdepunktet for Mikhajlov kom i europameisterskapen 1962 i Beograd. Med 13,8 og ny sovjetisk rekord sigra han føre italienaren Giovanni Cornacchia på 14,0. To år seinare gjorde Mikhajlov sitt livs beste hekkeløp under Sommar-OL 1964 i Tokyo. I finalen fekk han slutttida 13,7 sekundar (elektronisk tid 13,78), og vann bronsemedaljen bak dei to USA-amerikanarane Hayes Jones (13,67) og Blaine Lindgren (13,74). Ved europameisterskapen 1966 i Budapest vart Mikhajlov fjerdemann med 14,1.

Frå 1957 til 1966 vann Mikhajlov samtlege ti meisterskaps-finalar på korthekken i den sovjetiske friidrettsmeisterskapen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]