Anatolij Serdjukov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anatolij Serdjukov
Анатолий Эдуардович Сердюков
Anatoliy Eduardovich Serdyukov 2018.jpg
Fødd 8. januar 1962

Abinsky District

Verv Forsvarsminister i Russland
 - periode 15. februar 2007-6. november 2012
 - føregjengar Sergej Ivanov
 - etterfylgjar Sergej Kuzjugetovitsj Sjojgu

Anatolij Eduardovitsj Serdjukov (fødd 8. januar 1962 i Kholmskij i Krasnodar kraj) er ein russisk politikar. Han var forsvarsminister i Russland frå 2007 til 2012 og skatte- og avgiftsminister frå 2004 til 2007.

Serdjukov er utdanna innan økonomi og jus. Han fullførte si første utdanning i Leningrad i 1984, og tok ein ny grad ved St. Petersburg statsuniversitet i 2001.

I mai 2001 vart han nestleiar for Skatte- og avgiftsdepartementet si avdeling i St. Petersburg, i november same året vart han leiar for avdelinga. 2. mars 2004 vart han henta til Moskva som viseminister i Skatte- og avgiftsdepartementet, og berre to veker seinare tok han over som skatte- og avgiftsminister. 27. juli 2004 vart han leiar for Det føderale skattevesenet, underlagt Finansdepartementet.

15. februar 2007 utnemnde president Vladimir Putin han til ny forsvarsminister etter Sergej Ivanov. Han vart avsett 6. november 2012 i samband med ein korrupsjonsskandale.[1] Han blei etterfølgd av Sergej Kuzjugetovitsj Sjojgu.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Russian Defence Minister Anatoly Serdyukov fired by Putin». BBC News. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Anatolij Serdjukov
  • Biografi på det russiske Finansdepartementet sin nettstad (på russisk, arkivert)