Anatolij Sjeljukhin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anatolij Sjeljukhin
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 6. april 1930
Kostroma
Død

21. oktober 1995 (65 år)
Kostroma

Yrke langrennsløpar

Anatolij Ivanovitsj Sjeljukhin (6. april 193021. oktober 1995) var ein langrennar frå Kostroma i Russland som representerte Sovjetunionen. Han vann bronsemedaljen på 30 km under Ski-VM 1958 i Lahti og fekk ein stafett-bronse under Vinter-OL 1960.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Sjeljukin kom på fjerdeplass på 30 km under dei olympiske vinterleikane 1956 i Cortina d'Ampezzo, eitt sekund bak landsmannen Pavel Koltsjin som tok bronsen. På femmila i Cortina enda Sjeljukin på femteplassen.

Under verdsmeisterskapen 1958 i Lahti deltok Sjeljukihn i alle fire langrennstevlingane. Han tok bronsemedaljen på 15 km, slått av finske Veikko Hakulinen og landsmannen Koltsjin. Sidan fekk han ein sølvmedalje i 4 x 10 km stafett, saman med Fjodor Terentjev, Nikolaj Anikin og ankermann Koltsjin enda Sovjet sitt mannskap 29 sekundar bakom gullvinnar Sverige.

Sjeljukhin vann så ein olympisk bronsemedalje under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley. Han gjekk startetappen for det sovjetiske stafettlaget som kom på tredjeplass på 4 x 10 km bak Finland og Noreg, dei andre på laget var Gennadij Vaganov, Aleksej Kuznetsov og Nikolaj Anikin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.