Anatomisk-terapeutisk-kjemisk lækjemiddelklassifikasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Anatomisk-terapeutisk-kjemisk lækjemiddelklassifikasjon (Anatomical Therapeutic Chemical Classification System eller ATC Classification System) er eit internasjonalt system som vert brukt for å klassifisera, eller gruppera og identifisera, lækjemiddel. Collaborating Centre for Drug Statistics Methodology ved Verdas helseorganisasjon, WHO, står for vedlikehald og oppdatering av systemet. Første utgåva kom i 1976.

Lækjemiddel er delt inn i ulike grupper alt etter kva organ eller system dei verkar på, eller etter karakteristiske terapeutiske og kjemiske eigenskapar. Lækjemidla er delt inn i grupper på 5 nivå.

Første nivå er ein bokstav som syner til kva organ eller system lækjemiddelet verkar på. Der er 14 hovudgrupper:

A: Fordøyingsorgan og stoffskiftet (Alimentary tract and metabolism)
B: Blod og bloddannande organ (Blood and blood forming organs)
C: Hjarte og kretsløp (Cardiovascular system)
D: Dermatologiske middel (Dermatologicals)
G: Urogenitalsystem og kjønnshormon (Genito-urinary system and sex hormones)
H: Hormon til systemisk bruk, ekskl. kjønnshormon og insulin (Systemic hormonal preparations, excluding sex hormones and insulins)
J: Anti-infectiva for systemisk bruk (Anti-infectives for systemic use)
L: Antineoplastiske og immunmodulerande middel (Antineoplastic and immunomodulating agents)
M: Musklar og skjelett (Musculo-skeletal system)
N: Nervesystemet (Nervous system)
P: Antiparasitære middel, insekticid og insektmiddel (Antiparasitic products, insecticides and repellents)
Q: Veterinære lækjemiddel (Veterinary drugs)
R: Respirasjonsorgan (Respiratory system)
S: Sanseorgan (Sensory organs)
V: Varia (Various)

På andre nivået får lækjemidla eit tosifra tal som deler dei inn etter kva slags terapeutisk hovudgruppe dei er i.

Tredje-nivået deler lækjemidla opp i terapeutisk eller farmakologiske undergrupper med ein bokstav.

Fjerde- og femte-nivået spesifiserer vidare substansen (til saman ein bokstav og to siffer)