Anberlin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anberlin

Stephen Christian og Anberlin i Hong Kong i 2011.
OpphavWinter Haven, Florida, USA
Aktiv2002 -
SjangerAlternativ rock
PlateselskapUniversal Recordings Records, Island Records, Tooth & Nail Records
MedlemmerStephen Christian
Deon Rexroat
Joseph Milligan
Nathan Young
Christian McAlhaney
Tidlegare medlemmerNathan Strayer
Joey Bruce

Anberlin er ei USA-amerikansk rockegruppe frå Winter Haven i Florida.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Stephen Christian og Deon Rexroat møttest på high school og danna den kristelege gruppa SaGoh 24/7, som spelte pønkrock. Dei fekk med Joseph Milligan på gitar og ein trommeslagar, og gav ut to album: Servant After God's Own Heart (1999) og Then I Corrupt Youth (2001). Trommeslagaren forlét bandet etter 2001 og Nathan Young kom inn i staden. Gruppa gjekk bort frå pønk-rocken, tok namnet Anberlin og signerte platekontrakt med det kristne selskapet Tooth & Nail Records.

Debutalbumet Blueprints for the Black Market (2003) og oppfylgjarane Never Take Friendship Personal (2005), Cities (2007) og Lost Songs (2007) kom alle ut på Tooth & Nail Records. Lost Songs var ei samling av uutgjeve materiale, demoar, B-sider, etc. I 2007 bestemte gruppa seg for å skifta plateselskap til Universal Republic Records. Fyrste plata på det nye plateselskapet fekk tittelen New Surrender (2008). I 2010 gav dei ut Dark Is the Way, Light Is a Place, som foreløpig er deira siste studioalbum.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Blueprints for the Black Market (2003)
  • Never Take Friendship Personal (2005)
  • Cities (2007)
  • Lost Songs (2007)
  • New Surrender (2008)
  • Dark Is the Way, Light Is a Place (2010)

Kjelde[endre | endre wikiteksten]