Anchorage
Anchorage | |
---|---|
Styresmakter | |
Borgarmeister | Austin Quinn-Davidson ![]() |
Geografi | |
Plassering | |
Plasseringa av Anchorage (raud) i Alaska |
Anchorage er ein by og ein kommune («borough») i den USA-amerikanske delstaten Alaska. Kommunen har ei flatevidd på 5 079,2 kvadratkilometer og 291 826 ibuarar (2010); drygt 40 % av folket i Alaska bur såleis i kommunen. Sjølve byen har i kring 240 000 ibuarar. Ordet «anchorage» tyder ankerplass.
Anchorage by ligg på 61,2° nordleg breidd i den sentrale delen av delstaten, ved Chickaloon Bay, ca 1 000 km vest om Juneau, hovudstaden i Alaska. På grunn av nærleiken til havet er klimaet ikkje så kaldt som på stader i innlandet på same breiddegrad, somrane er derimot litt svalare enn dei i innlandet, så som Fairbanks.
Den 27. mars 1964 gjorde eit jordskjelv store skader på bygningar i byen, og fleire menneske omkom. Det såkalla Langfredagsskjelvet vart målt til 9,2 på Richterskalaen, og er det kraftigaste jordskjelvet i USA. I dag er City-hospitalet, teikna av Frank Lloyd Wright, den mest kjende bygningen i Anchorage.
I Anchorage finst to universitet, University of Alaska (skipa 1954) og Alaska Pacific University (skipa 1957).
Samferdsle[endre | endre wikiteksten]
Anchorage har ein stor internasjonal flyplass, Ted Stevens Anchorage International Airport. Fly er eit viktig transportmiddel, mange gamle propellfly som DC-3 flyg framleis kommersielt i denne delstaten.
Anchorage er knytt til den einaste jarnvegen i Alaska; Alaska Railroad.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Anchorage» frå Wikipedia på svensk, den 2. august 2012.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Municipality of Anchorage (engelsk)