Hopp til innhald

Andíparos

Andíparos
Lokalt namn Αντιπαρος
Geografi
StadEgearhavet
Koordinatar37°00′N 25°03′E / 37.000°N 25.050°E / 37.000; 25.050
ØygruppeKykladane
Areal45,2 km²
Administrasjon
LandHellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Páros
Største busetnadAndíparos (1 077 innb.)
Demografi
Folketal1 265 (2021[1])
Folketettleik28,0 /km²

Andíparos (gresk Αντίπαρος), i antikken kalla Oliaros, er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Ho ligg berre om lag 1 km vest for Páros, ein båttur som berre tar 10 minutt frå Poúnda, ei lita hamn på Páros.

Andíparos er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Páros i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Andíparos 1 265 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 1 077 innbyggjarar.[1]

Øya har ei 57 km lang kystlinje. Dei fleste av innbyggjarane bur i landsbyen Andíparos eller Kástro på nordkysten og arbeider med jordbruk og fiske. Øya er 12,5 km lang og 5,5 km brei med eit areal på 35 km². Vest for Andíparos ligg den vesle øya Despotikó.

Den størst turistattraksjonen på øya er ei stalaktittgrotte på sørkysten. Det er mange strender på øya og den største er Psaraliki, der dei fleste turistane dreg til. Det er òg andre strender og restaurantområde på øya, men desse er vanskelegare å nå.

Byar og tettstader

[endre | endre wikiteksten]

Byane og tettstadene i kommunen er:

TettstadFolketal 2011[3]Folketal 2021[1]
Andíparos (Kástro)1 1021 077
Kámbos49131
Sorós3536
Ájos Jeórjios2521

Småøyar i kommunen:

  • Despotikó (0)
  • Dipló (0)
  • Kávouras (0)
  • Revmatonísi (0)
  • Strongylí (0)
  • Tsimindíri (0)
  • Firá (0)

Referansar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Antiparos frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • J. P. de Tournefort, Relation d'un voyage au Levant (1717); English edition, 1718, vol. i. p. 146