Andøya Rakettskytefelt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 69°17′38.9″N 16°1′14.9″E

Arr kan òg ha andre tydingar.
Rakett utstilt utanfor Andøya Rakettskytefelt
Utsikt til rakettskytefeltet om sommaren
Utsikt til rakettskytefeltet om vinteren

Andøya Rakettskytefelt er eit senter for oppskyting av forskingsrakettar og slepp av vitskaplege ballongar. Andøya Rakettskytefelt er lokalisert i Oksebåsen på Andøya, som ligg 5 km sørvest for Andenes i Andøy kommune i Nordland fylke. Anlegget er òg utstyrt med ei rekkje bakkeinstrument som blir nytta i utforskinga av det nære verdsrommet. Det blir fokusert særleg på den polaren atmosfæren i høgdeområdet mellom 70 og 2000 kilometer.

Andøya Rakettskytefelt (ARS) er ein av dei mest høgteknologiske føretaka i Nord-Noreg og har 70 tilsette.

Den første raketten, Ferdinand I vart skoten opp i 1962, og ved årsskiftet til 2012 var det sendt opp meir enn 1000 rakettar frå Andøya Rakettskytefelt.

Andøya Rakettskytefelt har eit utstrekt samarbeid med ei rekkje internasjonale forskingsmiljø, og sidan 1962 har meir enn 100 universitet og forskingsinstitutt frå heile verda nytta seg av tenestene til anlegget.

Andøya Rakettskytefelt er eit aksjeselskap og 10 % av aksjane blir ått av Kongsberg Defence Systems og Nærings- og handelsdepartementet eig dei øvrige 90 %, som igjen blir forvalta av Norsk Romsenter.

Andøya Rakettskytefelt driv òg SvalRak på Svalbard.

Andøy rakettskytefelt har vekentleg elevar frå Andøy vidaregåande skule, der det finst ei eiga linje for romteknologi kombinert med studiespesialisering for 3. årselevar.

Raketthendinga på Andøya januar 1995[endre | endre wikiteksten]

25. januar 1995 var det ei spesiell hending på Andøya ved at ein rakett som vart skoten opp frå ARS utløyste alarmberedskap i Russland. Han vart fanga opp av radar og teke for å vere ein Trident-missil skoten opp frå ein amerikansk ubåt i Norskehavet. Bileta av Boris Jeltsin med atomkofferten sin gjekk verda rundt, før ein oppdaga at banen til raketten var feilutrekna av russarane. Raketten som vart skoten opp var ein Black Brann-rakett som passerte over Svalbard. Kvifor det skulle kunne vere nokon grunn til å tru at dette var ein militær rakett er uvisst. Alle varslingsprosedyrar før oppskytinga var følgd. Dette tyder at òg Russland hadde fått melding om den planlagde oppskytinga, noko som er ein del av standard prosedyre før oppskyting av rakett frå ARS.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]