And.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
And
Studioalbum av John Martyn
Utgjeve 1996
Sjanger Rock, trip hop
Selskap Go! Discs
Produsent John Martyn, Stefon Taylor, Spencer Cozens
John Martyn-kronologi 
No Little Boy
(1993)
And The Church with One Bell
(1998)


And er det 19. studioalbumet til John Martyn, gjeven ut på Go! Discs i 1996. Det var det første albumet til Martyn på fem år med nye songar.

Songane vart spelte inn i JMI Studios og The Washoose i ein moderne stil som er blitt skildra som både hiphop og triphop.[1] Martyn sa: «Eg likar svart amerikansk kultur særs godt og då eg drog ut på klubbane der var musikken verkeleg stor, og det blåste meg av banen. Energien i det er spanande.»[1] Arbeidstittelen på albumet var Snooo.

CD-plata inneheld eit løynd spor etter ein kring 50 sekundar lang pause på et siste sporet. Bonussporet er ein remix av «Sunshine's Better».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av John Martyn, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLengd
1.«Sunshine's Better»5:12
2.«Suzanne»3:52
3.«The Downward Pull of Human Nature»5:04
4.«All in Your Favour»4:26
5.«A Little Strange» (John Martyn, Leon Ware, Arthur Ross)4:55
6.«Who Are They?»2:29
7.«Step It Up»4:27
8.«Carmine»5:28
9.«She's A Lover»5:19
10.«Sunshines Better» (acid remix, løynd spor)5:50

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • John Martyn - vokal, korvokal, guitar, klaverinstrument
  • Phil Collins - trommer, korvokal
  • Alan Thomson - bass
  • John Giblin - bass
  • Jerry Underwood - saksofon
  • Spencer Cozens - klaverinstrument, programmering
  • Kirk Lothian - klaverinstrument
  • Foster Patterson - klaverinstrument
  • Stefon Taylor - programmering
  • Cheryl Wilson - korvokal
Teknisk
  • Produsentar: John Martyn, Stefon Taylor med Spencer Cozenz.
  • Lydteknikarar: Douglas «Bone» Graham, Spencer Cozens, Stefon Taylor
  • Miksing: Douglas «Bone» Graham (spor: 6), Spencer Cozens (spor: 1-4, 8-9), Stefon Taylor (spor: 5, 7)
  • Mastering: Gordon Vicary
  • Fotografi: Lawrence Watson

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Big Muff om albumet