And the Ass saw the Angel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eselet så Herrens engel
And the Ass Saw the Angel
Forfattar(ar)Nick Cave
Språkengelsk
Blei til1989
Sjangergotisk fiksjon
Utgjeven1989
ForlagBlack Spring Press, HarperCollins

And the Ass saw the Angel er ei bok skriven av Nick Cave. Ho kom ut første gongen i 1989. Boka har seinare vorte omsett til eit utal språk, mellom anna norsk; første gongen i 1994 og seinare nytt opplag i «AlfaOmega-serien» på Aschehoug i 2002. På bokmål heiter boka Eselet så Herrens engel.

Eselet så Herrens engel tek for seg ekstremt religiøs pietisme i eit oppdikta sørstatssamfunn (Sørstatane i USA). I boka let Cave hovudpersonen Euchrid Eucrow vere forteljaren, som er ein gut i tenåra og den einaste attlevande av ein innavla og særs valdeleg familie. Gjennom heile boka les ein kva den ustabile guten tenkjer om det han sjølv gjer og det som hender rundt han.

Tittelen kjem frå kapittel 22, vers 23, i 4. Mosebok i Bibelen, der Balaam ikkje ser herrens engel, medan eselet ser han.