Andalusitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andalusitt

Andalusitt
Generelt
KategoriNesosilikat
Kjemisk formelAl2SiO5
Strunz-klassifisering9.AF.10
Identifikasjon
KrystallsystemOrtorhombisk
Mohs hardleiksskala6,5-7,5
Optiske eigenskapar
2V-vinkel71 - 86°

Andalusitt er eit grått, raudleg eller grønleg mineral som opptrer i mange hornfelsar og leirskifer, mellom anna i hornfelsar frå Oslofeltet. Andalusitt er eit aluminiumsilikat, Al2SiO5. Hardleiken er 7,5 og tettleiken 3,15 g/cm³. Det finnes to andre mineral som har den same kjemiske samansetjinga (polymorfi), men med heilt forskjellige eigenskapar: kyanitt og sillimanitt. Andalusitt krystalliserer i det rombiske systemet, kyanitt triklint, og sillimanitt igjen rombisk. Andalusitt opptrer i bergarter danna under lågt trykk, kyanitt og sillimanitt krev derimot høgt trykk, og opptrer derfor i bergarter som er danna på store djup, særleg i gneisar.[1]

Mineralet blei kalla andalousite av Jean Claude Delamétehrie, som trudde det kom frå Andalusia.[2] Det blei raskt tydeleg at dette var ei feilplassering, og at mineraldøma han studerte eigentleg kom frå El Cardoso de la Sierra i Guadalajara, ikkje Andalusia.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Andalusitt. (11. mars 2012). I Store norske leksikon. Henta 12. august 2014.
  2. Delamétherie, Jean Claude (1798). «Sur une pierre de l'Andalousie». Journal de Physique, de Chimie d'Histoire Naturelle et des Arts 46: 386–387. 
  3. Calvo, Miguel (2018). Minerales y Minas de España. Vol. IX. Silicatos. Madrid, Spain: Escuela Técnica Superior de Ingenieros de Minas de Madrid. Fundación Gómez Pardo. s. 91–94. ISBN 978-84-8321-883-9.