Anders Andersson Bjelland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anders Andersson Bjelland
Fødd 1790
Nedstrand
Død

28. juni 1850
Nedstrand

Yrke politikar, bonde

Anders Andersson Bjelland (179028. juni 1850) var ein norsk gardbrukar, stortingsmann og ordførar frå Nedstrand i Rogaland.

Bjelland var son av ein gardbrukar og lensmann. Han var gardbrukar på farsgarden Bjelland. Frå 1837 til 1841 var han den fyrste ordføraren i Nedstrand, varaordførar frå 1846.

Bjelland representerte Stavanger amtStortinget i 1827, på omframstortinget 1828, atter på Stortinget i 1833 og 1842. Han var 1827 medlem av bankkomiteen, 1828 av komiteen om auke i setelmengda, 1833 av næringskomiteen, 1842 av Lagtinget og næringskomite nr 1.

Han døydde på garden sin i Nedstrand i 1850.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]