Anders Anundsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anders Anundsen.
Foto: Børge Sandnes/FrPMedia

Anders Anundsen (fødd 17. november 1975) er ein norsk Frp-politikar frå Stavern, som var frå 16. oktober 2013 til 20. desember 2016 var justisminister i regjeringa Solberg.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Anundsen var 1996 og 1998-99 formann i Framstegspartiets Ungdom. Han arbeidde som politisk rådgjevar for Framstegspartiet si stortingsgruppe i åra 1995-1997, sekretær/konsulent for Advokat Dag W. Andressen 2000-2002 og lærarvikar 2001-2004.

Frå 2005 til 2017 representerte Anundsen valkrinsen Vestfold og Framstegspartiet på Stortinget. I den andre valperioden, 2009-13, markerte han seg ein aktiv medlem i Kontroll i konstitusjonskomitten, og tok iniativ til fleire høyringar der statsrådar måtte forsvare seg mot nærgåande kritikk.

Ved danninga av Solberg-regjeringa i oktober 2013 fekk Anundsen leiinga av Justisdepartementet. Som justisminister vart han utsett for sterk kritikk frå stortingsopposisjonen for handteringa av fleire saker. I ei sak som gjaldt utsending av såkalla asylbarn, hevda han at det var politiet som hadde gått ut over instruksane, medan Kristeleg Folkeparti og Venstre, dei to støttepartia til regjeringa, meinte han handla i strid med samarbeidsavtalen frå 2013. Seinare vart han også til lått i det politiske miljøet, då han fekk laga ein film som skulle syne alt Justisdepartementet hadde fått gjort i hans styringstid.

Våren 2015 måtte justisminister Anundsen stå til ansvar for mangelfull oppfylgjing av tryggings- og beredskapstiltak, etter at Riksrevisjonen i ein rapport peika på sterk svikt frå Justis- og beredskapsdepartementet si side. I fylgje Riksrevisjonen var det ikkje retta opp i vedvarande svak styring og samordning mellom offentlege etatar i beredskapsarbeidet. Også under den såkalla flyktningkrisa hausten 2015 måtte Anundsen tole kritikk for mangelfull leiarskap. Han vart skifta ut i desember 2016, då Per-Willy Amundsen vart ny statsråd i Justisdepartementet. Anundsen sa elles nei til å verte nominert til stortingsvalet 2017.

Anundsen tok juridisk mastergrad i 2008.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Kjelder og bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]