Anders Aschim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anders Aschim
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. august 1958 (65 år)
Tromsø kommune
Yrke skribent, omsetjar
Språk norsk

Anders Aschim (fødd 8. august 1958 i Tromsø) er ein norsk teolog, bibelomsetjar og sakprosaforfattar.

Aschim voks opp i Tromsø og på Hamar. Han har teologisk embetseksamen med mellomfag i hebraisk og musikk, og vart doktor philos. i 2010[1]. Han verka som prest i mellom anna Ringebu og Enebakk. I tillegg har Aschim hatt forskings- og undervisingsstillingar ved Menighetsfakultetet. Han var med i prosjektet Bibel 2010 drive av Det Norske Bibelselskap, som utarbeidde ein fullstendig revisjon av bibelomsetjingane til både bokmål og nynorsk.

Fagleg har Aschim særleg teke for seg Daudehavsrullane og livet til salmeforfattaren Elias Blix, som han gav ut ein fyldig biografi om i 2008. Dette arbeidet var også grunnlaget for doktoravhandlinga han la fram hausten 2010: «Ein betre vår ein gong : Elias Blix / Uavslutta vitskapleg etterskrift.»[2]

Aschim har publisert ei rekkje artiklar om emne knytt til omsetjing av Bibelen, Daudehavsrullane og tidleg målrørsle.[3] I tillegg til tradisjonelle media har Aschim og nytta nyare former, som bloggar.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Hemmeligheten i hulen – en fortelling om Dødehavsrullene (1999)
  • Ein betre vår ein gong. Elias Blix (2008).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]