Anders Fannemel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anders Fannemel


Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. mai 1991 (32 år)
Hornindal
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 2014

Anders Fannemel (fødd 13. mai 1991) er ein norsk skihoppar frå Hornindal, som er medlem av Hornindal IL. Han har ein sølv- og ein bronsemedalje frå noregs meisterskap i skihopp.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Fannemel debuterte i verdscupen med ein 10. plass på Lillehammer 5. desember 2009. Resten av sesongen og 2011-sesongen makta han ikkje å fylgje opp.

Fyrst i 2012-sesongen slo Fannemel seg inn på nasjonalt toppnivå. Under NM i hopp i Granåsen fekk han bronse, bak vinnaren Anders Bardal og Bjørn Einar Romøren. Fire veker seinare, under VM i skiflyging i Vikersundbakken den 25. februar 2012, hoppa han heile 244,5 m og var berre to meter bak verdsrekorden. Sidan han mislukkast med andrehoppet, kom han på 13. plass i tevlinga. I slutten av mars månad tok han NM-sølv i normalbakken på Voss, bak Anders Jacobsen. 15. februar 2015 sette Fannemel ny verdsrekord i skiflyging med eit hopp på 251,5 meter. Det var 1,5 meter lenger enn den gamle rekorden som Peter Prevc hadde sett dagen i førvegen i same bakke.[1]

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 2010: Nr 10 på Lillehammer
  • 2012: Nr 7 i verdscupen i Sapporo. Nr 13 i skiflygings-VM i Vikersund, og med på det norske laget som vart nr 4 i laghoppinga i same meisterskapen. Nr 2 i laghopping verdscup i skiflygning i Planica
  • 2013: 2 tredjeplassar i verdscupen laghopping, i Planica og Klingenthal
  • 2014: Tok sin fyrste verdscupsiger i Nizjnij Tagil i Russland.
  • 2015: 2 andreplassar og verdsrekord i verdscupen i skiflygning i Vikersund.
  • 2017: Verdenscupsiger for 4. gong i Engelberg laurdag den 16. desember


Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 2009: Nr 9 i normalbakken på Raufoss
  • 2010: Nr 8 i storbakken i Trondheim
  • 2012: Sølvmedalje i normalbakken på Voss, bronsemedalje i storbakken i Trondheim

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. NRK.no - «Fannemel tok rekorden tilbake til Norge», 15. februar 2015