Anders Folkestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anders Folkestad

Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. mars 1949 (75 år)
Volda kommune
Yrke lærar, fagforeiningsleiar
Anders Folkestad på Commons

Anders Folkestad (fødd 16. mars 1949) er ein norsk fagforeiningsmann frå Møre og Romsdal. Han har vore fagforeiningsleiar i ei rekkje år, og var første leiaren av hovudorganisasjonen Unio frå opprettinga i 2001.

Folkestad budde dei første seks åra av livet på Folkestad i Volda. Familien flytta deretter fleire gonger i Møre og Romsdal. Far til Folkestad var lærar, noko også bestefaren var.

Anders Folkestad gjekk på gymnas i Volda og studerte i Bergen og Oslo. Han er utdanna lektor og har studert ved Idrettshøyskolen i Oslo. Første stillinga hans var ved det første idrettsgymnaset i Noreg, i Odda. Han gjekk då inn i Norsk Lektorlag, seinare Norsk Undervisningsforbund.

I 1989 blei Folkestad nestleiar i Utdanningsforbundet, og har sidan hatt ei rekkje leiarstillingar i fagforeiningar. Han var med på å skipa Unio i 2001 og sat i det første styret, og har vore leiar sidan. I 2011 blei han gjenvald som leiar i to år. Han gjekk av som leiar i 2014.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]