Anders Frihagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anders Frihagen
AndersFrihagen-1940 (cropped).jpg
Fødd 28. januar 1892
Død 5. april 1979
Parti Arbeidarpartiet

Anders Rasmus Frihagen (28. januar 18925. april 1979) [1] var ein norsk politikar og bankmann. Han var statsråd i Nygaardsvoldregjeringa frå 1939 til 1945.

Frihagen var frå Åheim i Vanylven. Han avla eksamen ved Volda lærarskule i 1914 og var deretter eitt år lærar på Volda millomskule og gymnas. Gjekk sidan befalskurs før han studerte jus ved universitetet i Kristiania. Etter juseksamen i 1922 arbeidde han to år i Finansdepartementet. 1924-36 var han inspektør i Bank- og Sparebankinspeksjonen. I 1936 vart han sjef for den nyoppretta statlege industribanken.

Hausten 1939 vart arbeidarpartimannen Frihagen utnemnd til handelsminister. Våren 1940 fylgde han regjeringa heile vegen til Tromsø. Då regjeringa forlet landet i juni, vart Frihagen beordra til Stockholm. Mars 1942 vart han overflytta til London, der han nokre månader etter vart tildelt posten som forsyningsminister.

Sommaren 1945 gjekk han tilbake til direktørstillinga i Den norske Industribank og hadde denne til 1957. 1951-62 var han også direktør for Bankinspeksjonen. I fleire år var han styreformann i A/S Sydvaranger og sidan i A/S Frionor.

  • Handelsminister 2. oktober 1939–7. juni 1940
  • Regjeringa sin representant i Stockholm 7. juni 1940– april 1942 (Konsultativ statsråd : 7, juni 1940–7. oktober 1943)
  • Forsynings- og gjenreisingsminister 1. oktober 1942–25. juni 1945

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Store norske leksikon
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.