Anders Gärderud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anders Gärderud

Frå venstre til høgre; Harald Norpoth, Karl-Uno Olofsson, Bodo Tümmler og Anders Gärderud. Bilete frå 1964.
Statsborgarskap Sverige
Fødd 28. august 1946 (77 år)
Stockholm
Yrke mellomdistanseløpar, orienteringsløpar
Høgd 186 centimeter
Far Sven Gärderud
Anders Gärderud på Commons

Sven Anders Gärderud (fødd 28. august 1946 i Stockholm) er ein svensk tidlegare friidrettsutøvar, orienteringsløpar og idrettsleiar. Han vart olympisk meister i 3 000 meter hinder ved dei olympiske sommarleikane 1976 i Montreal. I nasjonale tevlingar vann han medaljar også på 800 meter, 1500 meter og 10 000 meter på 1960- og 1970-talet.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Friidrett[endre | endre wikiteksten]

Gärderuds første store prestasjon kom i Roma 11. september 1968. Han forbetra då den svenske 800-meter-rekorden, sett av Dan Waern sju år tidlegare, med tre tidels sekund til 1.47,2. Denne rekorden stod i seks år. Gärderud deltok i 800 meter og 1500 meter under sommar-OL 1968 i Mexico by, men kom ikkje vidare til semifinale.

Frå 1970-talet konsentrerte Gärderud seg meir om hinderløp. Han deltok i 3000 meter hinder i sommar-OL 1972 i München, men sleit med forkjøling, og kom heller ikkje denne gongen lengre enn til forsøksheata. Berre ei veke seinare sette han ny verdsrekord på distansen med tida 8.20,8 på olympiastadion i Helsinki.

Under EM i friidrett 1974 i Roma vann Gärderud sølv på 3000 meter hinder. Han tapte spurten mot europameisteren Bronislaw Malinowski, 8.15,0 mot 8.15,4. I 1975 forbetra han sin eigen verdsrekord to gonger. Fyrste gongen var på Bislett stadion med tida 8.10,4, seks dagar seinare sprang han inn på 8.09,7 i Stockholm.

Finalen i 3000 meter hinderløp under sommar-OL 1976 i Montreal har vorte ein klassikar i Sverige. Frank Baumgartl frå Aust-Tyskland er i leiinga, med Gärderud tett bakom. Når dei kjem fram til siste hinderet, ramlar Baumgartl slik at Gärderud fritt spring inn til ny verdsrekord på 8.08,02. Gullmedaljen var Sveriges første friidrettsgull i OL på 24 år. For prestasjonen vart han tildelt Svenska Dagbladets gullmedalje.

Svenske rekordar på 3 000 meter hinder[endre | endre wikiteksten]

Anders Gärderud i 1976
Tid Stad Løpar Dato
8.28.4 Anders Gärderud Helsinki 13.8.1971
8.24,6 Anders Gärderud Helsinki 8.6.1972
8.23,6 Anders Gärderud Stockholm 27.6.1972
8.23,4 Anders Gärderud Helsinki 20.8.1972
8.20,8 Anders Gärderud Helsinki 14.9.1972
8.18,4 Anders Gärderud Stockholm 3.7.1973
8.15,2 Anders Gärderud Stockholm 2.7.1974
8.14.,2 Anders Gärderud Helsinki 1.8.1974
8.10,4 Anders Gärderud Oslo 25.6.1975
8.09,7 Anders Gärderud Stockholm 1.7.1975
8.08,0 Anders Gärderud Montreal 28.7.1976
8.05,7 Mustafa Mohamed Heusden-Zolder 28.7.2007

Svenske rekordar på 5 000 meter[endre | endre wikiteksten]

Tid Stad Løpar Dato
13.35,8 Anders Gärderud Stockholm 26.7.1972
13.34,6 Bengt Nåjde Stockholm 25.7.1973
13.32,8 Anders Gärderud Stockholm 26.7.1973
13.25,2 Anders Gärderud Göteborg 13.8.1974
13.25,0 Anders Gärderud Göteborg 12.8.1975
13.17,5 Anders Gärderud Stockholm 5.7.1976
13.01,7 Anders Almgren Brussel 2.9.2022

Orientering[endre | endre wikiteksten]

Gärderud dreiv også med orientering. Hans fremste prestasjon i orientering var eit SM-gull i stafett med Mälarhöjdens IK i 1977.

I si tid som aktiv idrettsutøvar representerte Gärderud både IFK Lidingö, Enebybergs IF og Mälarhöjdens IK.

Idrettsleiar[endre | endre wikiteksten]

På 1990-talet var Gärderud landslagssjef for det svenske friidretts-landslaget. Seinare var han landslagssjef for det norske orienteringslandslaget. Han er busett på Lidingö i Stockholm og kommenterer friidrett og orientering for Sveriges Television.

I 1990 var Gärderud ein av ni idrettsutøvarar som fekk Bislett-medaljen for historiske bragder på Bislett stadion.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]