Anders Giæver

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anders Giæver

Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. august 1961 (62 år)
Ås kommune
Yrke journalist, kommentator, forfattar, podkastvert
Ektefelle Ales Ree
Anders Giæver på Commons

Anders Giæver (fødd 27. august 1961 i Oslo) er ein norsk journalist. Han er kjend som mediekommentator og avdelingsleiar i kommentaravdelinga i Verdens Gang.

Giæver har vore kulturredaktør i Dagsavisen, og har òg jobba i fleire andre norske aviser. Frå 2008 til 2011 var han USA-korrespondent for VG, og har etter at han kom attende til Noreg stått sentralt i dekninga til avisa av terroråtaka 22. juli 2011.

I 2006 var han jurymedlem ved utdelinga av Humanistisk kulturpris. Har sidan 2005 vore med vekentleg i Frokost-TV som kommentator på nyhendestoff saman med Hege Duckert.

Anna[endre | endre wikiteksten]

I 2006 var han fagdommar i Kvitt eller DobbeltNRK1 for Andreas Rønningen, som gjekk opp i emnet The Simpsons. Han er barnebarn av den avlidne kringkastingssjefen og legen Hans Jacob Ustvedt.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • GUTTENE – På veien med Jokke & Valentinerne, Damm 2005- Fotografi av May-Irane Aasen.- Tekstar av Mode Steinkjer, Guttorm Nordø og Anders Giæver ISBN 82-04-11133-9
  • Jakta på Onkel Walt (2001), om Walt Disney, 173 sider, ISBN 82-02-20439-9
  • Sladder! bedre enn sit rykte (2004) Forfattarar: Andes Giæver, Fredrik Skavlan (illustratør)159 s. Press forlag
  • Over streken : avistegninger i grenseland (2006)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]