Anders Gotaas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anders Gotaas
Fødd 20. februar 1768
Skogn
Død

28. februar 1850
Tautra i Trøndelag

Yrke politikar, godseigar

Anders Bottolfsson Gotaas (20. februar 176828. februar 1850) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Skogn i Nord-Trøndelag.

Anders Gotaas var son til ein bonde på garden Gotås i Skogn. Han gifta seg i 1797? med enkja Wenke Marie Thode på godset Tautra i Frosta, som ligg på øya Tautra i Trondheimsfjorden. Dei neste vel 15 åra dreiv han godset, til dess han straks før 1814 selde det til ektemaken til stedottera. Sidan levde Gotaas på Tautra-godset til han døydde, på eit meir enn romsleg kår.

Kårmannen Gotaas var 3. representant for Nordre Trondhjems amt på det fyrste overordentlege Storting i 1814. I den eigenskap var han medlem av deputasjonen som møtte Kristian Frederik, 10. oktober 1814, då den abiserande kongen forlet Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]