Anders H. Bremer
Utsjånad
| Anders H. Bremer | |||
| Fødd | 27. november 1889 Sarpsborg kommune | ||
|---|---|---|---|
| Død | 23. juni 1983 | ||
Anders Hillegård Bremer (27. november 1889–23. juni 1983) var ein norsk vitskapsmann, fødd i Sarpsborg.
Bremer tok eksamen ved Hjeltnes hagebruksskule i 1907 og Noregs landbrukshøgskule i 1914. Deretter var han hagebrukslærar fram til 1919. Frå 1919 til 1947 var han tilsett ved Statens grønsakforsøk. I 1930 avla han doktorgraden i landbruksvitskap med avhandlinga Hovudsalat i drivbenk og på friland. Frå 1947 var han professor i grønsakdyrking og leiar for grønsakforsøka ved landbrukshøgskulen på Ås i Akershus.
Bremer var ein flittig skribent om hagebruk, både gjennom artiklar i pressa, forsøksmeldingar og ulike skrifter. Han skreiv nynorsk og vart i 1965 utnemnd til heiderslem i Noregs Mållag.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norsk Allkunnebok. II. Bandet. 1950.