Anders Hagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anders Hagen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. mai 1921
Vang kommune
Død

15. juli 2005 (84 år)
Bergen

Yrke arkeolog, professor
Språk norsk

Anders Hagen (15. mai 192115. juli 2005), var ein norsk arkeolog og sakprosaforfattar, fødd i Vang (no ein lut av Hamar) i Hedmark fylke, død i Bergen.

Hagen tok magistergraden i 1945, doktorgraden i 1954, vart konservator ved Universitetets Oldsaksamling ved Universitetet i Oslo i 1946, seinare førstekonservator same staden, og var professor i nordisk arkeologi ved Universitetet i Bergen frå 1961 og fram til han gjekk av med alderspensjon. I åra 1961 – 1969 var han leiar av Norges Naturvernforbund, og i 1970 – 1972 av Statens naturvernråd. Han vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1989.

Hagen tok i 1958 initiativet til, og organiserte dei fyrste arkeologiske undersøkingane i høgfjellet i Sør-Noreg i samband med vassdragsreguleringar. Røynslene frå dette arbeidet var viktige då han tok initiativet til Hardangerviddaprosjektet for tverrvitenskapelig kulturforskning (1970–75), som gjekk ut på å dokumentere Hardangerviddas kulturhistorie frå dei eldste tidene fram til vår eiga tid.

Bibliografi i utval[endre | endre wikiteksten]

  • Frå innlandets steinalder
  • Norges oldtid 1967, 1983
  • Studier i vestnorsk bergkunst
  • Bergkunst, Jegerfolkets helleristninger og malninger i norsk steinalder 1976
  • Cappelens verdenshistorie, bd. 1. Historiens røtter 1982
  • Gåten om kong Raknes grav: hovedtrekk i norsk arkeologi 1997

Sjå òg:

  • Festskrift til Anders Hagen. 1988

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]