Anders Hovden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anders Hovden

Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. april 1860
Ørsta kommune
Død

26. november 1943 (83 år)
Aker kommune

Yrke prest, skribent, salmediktar
Språk norsk
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Anders Hovden på Commons

Anders Hovden (13. april 186026. november 1943) var ein norsk prest og salmediktar. Han var prest ulike stader i Noreg i nesten 40 år. Elles var han ein kjend folketalar, men er mest kjend som salmediktar og deltakar i prosessen med fornyinga av den norske salmetradisjonen.

Livsløp[endre | endre wikiteksten]

Oppvekst og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Hovden var son til Karl Hovden og Johanne Velle, og vart fødd i ØrstaSunnmøre, der han voks opp i Hovdebygda. Faren var fiskar og gardbrukar. Det harde strevet for å få maten på bordet som han var vitne til i oppveksten, gjorde til at han fekk stor respekt for livet til fiskarbøndene, og då Anders var konfirmert, var det meininga at han skulle følgje med faren på vinterfiske. Havet, stormen og fisket, så vel som heimbygda, naturen og folket, vart elles viktige inspirasjonskjelder for seinare dikting.

Men presten meinte guten hadde evner til å byrje på lærarskulen, og då Anders var 16 år gammal byrja han på lærarutdanning i Volda. Same vinteren døydde far hans, og frå då av måtte han mest sørgje for seg sjølv. Han gjekk på skulen om føremiddagen, og på ettermiddagen gav han privatundervising.

Etter lærarskulen fekk han forskjellig småarbeid før han byrja på «studentfabrikken» i Kristiania. Her hjelpte sambygdingen Ivar Aasen han fram til utdanning med artium og teologisk embetseksamen i 1886. Her lærte han seg òg å skrive landsmål. Hovden vart venstremann og målmann, og såleis høyrde han med til den radikale studentflokken. Etter eksamen arbeidde han to vintrar som lærar på Elverum, før han tok praktikum i 1888. På den tida var det vanskeleg å få arbeid for teologar. Difor reiste han heim og arbeidde i lag med mor si på heimgarden. Samstundes reiste han omkring som ferdatalar på misjonsmøte.

Prestegjerning[endre | endre wikiteksten]

I 1891 vart Anders Hovden kallskapellan på Lista, og han vart ordinert til prest. I 1898 vart han hjelpeprest i Oslo bispedømme. Her fekk han eit friår med løn slik at han i 1900 kunne reise til Sør-Europa, ei reise som tok eitt år. Etter dette, i 1902, fekk han arbeid som kapellan i Krødsherad. Han møtte motstand frå prestekollegaer fordi han preika på målet, men han fekk folket med seg, slik at då han fekk ungdomslaget til å søkje om å ta Blix-salmane i bruk i kyrkja, vann målfolket avrøystinga etter ein hard strid.

I 1910 vart han prest i Melhus, og i 1920 sokneprest i Østre Toten. Elles var han mykje brukt som stemnetalar. Han var med i nemnda som utarbeidde Landstads reviderte salmebok og i redaksjonen for Nynorsk salmebok.

Forfattarskap, dikting og dei siste åra[endre | endre wikiteksten]

Handi hass far min - eg gløymer kje ho
med fingrane krøkt' av mein,
ho ligg og skin i mitt minne no
so fin som ein perlestein.

Frå «Handi hass far min». Hovden vart farlaus som 16-åring. Etter at han sjølv var vorten prest, samla han familien ved grava til faren og las dette minnediktet.

Det var som prest på Lista at Hovden for alvor byrja å skrive. Den fyrste forteljinga si gav han ut under psevdonym. I alt skreiv han elleve prosaforteljingar, der han fortel om kvardagslivet til fiskarbønder på Vestlandet – havet står sentralt i alt han skreiv. Nokre av forteljingane har også eit klart sjølvbiografisk innhald, det vil seie at det ligg nær opp til dei sjølvbiografiske skildringane hans i Attersyn frå 1926. Hovden gav også ut 16 diktsamlingar. Inspirasjon til arbeidet med dikta fekk han av mellom andre venen Per Sivle og Arne Garborg. Gjennombrotet hans kom med Tungalda frå 1897. Tematikken i dikta hans er mykje den same som i forteljingane.

Men det er som salmediktar han er mest kjend. Til saman dikta Anders Hovden om lag 250 salmar – alle på nynorsk. Han gav ut fire salmesamlingar mellom 1905 og 1939. Gjennom salmane sine vart han ein del av ei brei fornyingsrørsle av salmediktinga i Noreg som starta med Blix-salmane. Hovden sine salmar er karakteriserte som livsnære og botnærlege. Dei forkynner den utstrekte handa til Gud i Jesus Kristus til syndande og ulukkelege menneske, og dei er særmerkte av ein enkel biletbruk knytt til heimen, bygda og ikkje minst livet som fiskar og bonde. Språket er sterkt og malmfullt, rotekte norsk. Salmane er prega av naturpoesi og nasjonalreligiøsitet. Den mest kjende og brukte av salmane hans er «Fagert er landet». Denne vart til ein vakker vinterkveld i Krødsherad i 1907 under ein skitur langs Krøderen. I 1927 vann han Melsom-prisen. Hovden fekk diktargasje frå 1931.

Anders Hovden var på fleire utanlandsreiser. Mellom anna var han i USA i 1913, der han avduka eit Ivar Aasen-monument i Moorhead i Minnesota. Dei siste leveåra sine budde han på Nordstrand i Oslo. I 1958 vart det sett opp eit monument over Anders Hovden i sentrum av Ørsta, laga av bilethoggaren Anne Grimdalen.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Eigne arbeid[endre | endre wikiteksten]

  • Laak Lagnad (1893, forteljing under pseudonymet Karl Koll)
  • Sunnmøringen (18 dikt, 1894)
  • Sviv (15 dikt, 1895)
  • Heimhug (19 dikt 1896)
  • Odd (1896, forteljing)
  • Tungalda (43 dikt, 1897)
  • Hardhausar (forteljingar og dikt, 1989)
  • Heim og Hamn (preikebok, 1898)
  • Bonden (forteljing på vers, 1900, omarbeidd 1942. Til islandsk, 1907 – Bondinn)
  • Heim og Hamn II (talar, salmar og songar, 1902)
  • I den vide verdi (reiseminne, 1903)
  • Ein batuastein (41 dikt, 1903)
  • Fiskaren (forteljing, 1904)
  • Per Sivle – ei livssoge (1905)
  • Salme og Song (62 dikt, 1905)
  • Gate og Grend (foteljing, 1905)
  • Stormfugl (forteljing på vers, 1906)
  • Folk og Fant (skjemteviser, 1906)
  • Solhòv (dikt, 1907)
  • Liv og Lagnad (forteljingar, 1908)
  • Utpaa Djupi (59 dikt, 1909)
  • Sverreluren (43 dikt, 1909)
  • Paa trollstilt Fela (53 dikt, 1911)
  • Have der vest (forteljing på vers, 25 dikt, 1912)
  • Ivar Aasen i kvardagslaget (1913)
  • Den vesle Tuftekallen og ferdi i hans (20 dikt, 1913)
  • Vert ljos! (87 salmar, 1914)
  • Halga den fagre (sogespel, 1915)
  • Paa Styrebrui (forteljing, 1916)
  • Elskhig og Giftarmaal (spel, 1916)
  • Paa Fallreipe (82 dikt, 1917)
  • Rudningsmenn (forteljing, 1919)
  • Salmar (196 salmar, 1920)
  • Tungalda (69 dikt, 1924)
  • Attersyn (sjølvbiografi, 1926. Nye utgåver 1943 og 1959)
  • Haust (46 dikt, 1932)
  • Rotlaus (forteljing, 1932)
  • Full fart forover! (forteljing, 1935)
  • Dikt i utval (85 dikt, 1937)
  • Fagnafolk (81 dikt, 1938)
  • Postludium (57 salmar, 1939)
  • Kornmo (56 dikt, 1941)
  • Heim og hamn III (66 preiker, 1943)
  • Litle Arne (forteljingar for born, 1944)
  • I barneflokken (forteljingar frå Joletre, 1945)
  • Fly (54 dikt, 1945)
  • Skrifter i utval (1959):
    • Hardhausar
    • Dikt i utval
    • Attersyn

I samarbeid med andre[endre | endre wikiteksten]

  • Sturdy Folks (til engelsk ved Mabel Johnson, Minneapolis, om lag 1910)
  • Ivar Aasen, granskaren, målreisaren, diktaren (i lag med Arne Garborg og Halvdan Koht, 1913)
  • Til Aasens minde (red.: P. Th. Reite, Minnesota, 1913)
  • Landstads reviderte salmebok (med 34 eigne salmar av Hovden og ein omsett, 1920)
  • Nynorsk salmebok (med 128 originale og 81 omsette salmar av Hovden)

I andre bøker[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Nettstader[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]