Anders Hove
| Anders Hove | |||
| Fødd | 8. januar 1885 Fåberg kommune, Lillehammer kommune | ||
|---|---|---|---|
| Død | 14. februar 1978 (93 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Arbeidarpartiet | ||
| Yrke | politikar, lærar | ||
| Alle verv |
| ||
Anders Hove (8. januar 1885–14. februar 1978) var ein norsk lærar og politikar frå Fåberg i Oppland, som representerte Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1945 til 1957.
Hove var son til ein gardbrukar og tok eksamen ved amts-landbruksskulen i 1906. Tre år seinare tok han eksamen ved Hamar lærarskule og skulte del neste to åra i Valset i dåverande Romedal herad. Frå 1911 arbeidde han i skulen i Lillehammer heilt til han vart vald inn på Stortinget hausten 1945, formelt til 1955. Før han vart vald til tingmann sat Hove fleire periodar i bystyret og formannskapet i Lillehammer, og hadde elles mange ulike tillitsverv, som til dømes styreformann i Lillehammer samvirkelag 1928-46 og i avisa Dagningen 1932-48.
Hove vart vald inn på Stortinget som representant for kjøpstadene i Hedmark og Oppland, og vart attvald frå same krinsen i 1949. Ved stortingsvalet 1953 var ordninga med by- og landkrinsar oppheva, og Hove vart vald å representere Oppland fylke. I alle tre periodane på Tinget var han medlem av Kyrkje- og undervisningskomiteen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1885
- Døde i 1978
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Stortingsrepresentantar for byane i Hedmark og Oppland
- Stortingsrepresentantar for Oppland
- Stortingsrepresentantar 1945-1949
- Stortingsrepresentantar 1950-1953
- Stortingsrepresentantar 1954-1957
- Lokalpolitikarar i Lillehammer
- Ap-politikarar i Oppland
- Nordmenn frå andre verdskrigen
- Folk frå Lillehammer