Anders Jørgensen Reitan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anders Jørgensen Reitan
Fødd 26. juli 1826
Død

30. august 1872
Oslo

Yrke politikar

Anders Jørgensen Reitan (26. juli 182630. august 1872) var ein norsk diktar, målmann, lærar og politikar.

Reitan var fødd i Ålen i Sør-Trøndelag fylke, bror til heimbygdas ordførar og stortingsmann Jon Jørgensen Reitan, farbror til lokalhistorikaren Anders Reitan og dialektgranskaren Jørgen Reitan. I 1846 kom han inn på Klæbu seminar, der presten Frederik Wexelsen vekte han til grundtvigianisme og folkeopplysing.

1848 var han huslærar i Tolga, omgangsskulelærar i Horg like etter. Her heldt han skule på søndagar i feriar for unge gutar. Frå 1853 av var han lærar og kyrkjesongar i Kvikne i Nord-Østerdal. Også her dreiv han privat skule om sommaren, og verka for folkeopplysinga gjennom foredrag og som skribent.

Reitan var 1871-72 stortingsmann for Hedmark fylke. Han var medlem av konstitusjonskomiteen. Grunna sjukdom vart han permittert 24. april 1872. Han var eit av dei første små bygdepust i det som skulle verta den politiske stormen Venstre banebrytande tordna over landet. Soleis vil han verte hugsa.

I 1866 gav Reitan ut den vesle diktsamlinga Fjeldljom med dei kjende songane Målet hennar mor og Bondestanden er mig kjær, og då han døydde, trøytt etter stendig strid med ein ikkje altfor progressiv kyrkjelyd ,trådde Bjørnstjerne Bjørnson til ved båra med avskilslinene Hans milde store øyne lo mot himlen og mot landet, ti i hans sjel var folk og tro i evig jubel blandet.

Reitan døydde på rikshospitalet i Kristiania i 1872.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]