Anders Johnson
Anders Johnson | |
Fødd | 24. september 1939 Lunds kommun |
---|---|
Yrke | fysikar |
Institusjonar | Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet |
Anders Johnson (fødd 24. september 1939 i Lund i Sverige) er ein norsk fysikar.
Han tok embetseksamen ved Lunds Universitet i 1961 og doktorgraden same stad i 1968. Han vart professor i eksperimentell fysikk og biofysikk ved NTNU frå 1976. Johnson har gjort viktige eksperimentelle og teoretiske arbeid innan fleire område av biofysikken som periodiske forløp i biologiske organismar, målingar og modellering av transpirasjonsreguleringa til planter, balansesystemet til planter, fotobiofysikk, tilvekstprosessar i planter og korleis elektromagnetisk felt påverkar biologiske organismar. Han har mellom anna ansvaret for eksperiment i Spacelab, der balansesystemet til planter i vektlaus tilstand har vorte undersøkt.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Anders Johnson». Store norske leksikon. 9. mars 2012.