Anders Larsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anders Larsen
Fødd 2. desember 1870
Seglvik
Død

10. desember 1949
Sørvikmark

Yrke skribent, journalist

Anders Larsen (fødd 2. desember 1870 i Kvænangen død 10. desember 1949 i Sørvikmark i Sandtorg, daud 10. desember 1949 i Sandtorg) var ein samisk lærar, journalist og forfattar.

Foreldra til Larsen var Lasse Mons Lassesen (f. 1826) og Elen Mathisdatter (f. 1836), og dei var sjøsamar. Anders Larsen var gift med Petra Rebekka (f. Hansen 20.01.1877 i Trondenes).[1] Han fekk lærarutdanning ved Tromsø Seminarium (seinare Tromsø lærarhøgskole) 1897-1899. Det var uvanleg at ein ungdom med hans bakgrunn kunne begynne på ei slik utdanning, men han fekk ein av friplassane som den gongen var for samisktalande elevar med dårleg økonomi.

Anders Larsen var kritisk til fornorskingsprosessen, og meinte skolebarna verken lærte norsk, samisk eller kvensk. «Jeg blev aandelig underærnært. Jeg tog skade paa min sjel,» skreiv han i vaksen alder då han såg tilbake på skoletida. Saman med to av brørne sine, Lars og Mathis, stifta han ein samepolitisk organisasjon i Segelvik, med formål å starte eit samisk blad. Anders skulle vere redaktør.[2]

Dermed blei Anders Larsen redaktør for den samiskspråkelege avisa Sagai Muittalægje som kom ut i tida 1904-1911, der han mellom anna kjempa for at Isak Saba skulle komme inn på Stortinget. Anders Larsen og Isak Saba hadde blitt kjent med kvarandre på lærarskolen. For dei to var det to viktige målsetjingar med avisa; dei skulle kjempe for sosialismen og for samane si sak. Avisa skulle vere eit organ for debatt, kultur og nyheiter. 1. april 1906 stod diktet «Sámi soga lávlla» av Isak Saba på framsida. I dag er det samefolkets nasjonalsang.[3]

Avisa trykka også ein skjønnlitterær føljetong, som Anders Larsen i 1912 gav ut på Grøndahl forlag for eiga rekning. Det blei romanen Bæivve-Alggo (Dag-gry), som fortel kjærleikshistoria mellom Abo Eira og Maria Evje. Dette er den første samiskspråklege romanen, og ei av svært få samiske bøker før 1940.

Like før han dødyde i 1949 sendte Larsen eit manuskript som skildrar sjøsamanes kultur til språkmannen Just Qvigstad. Han hadde vore Anders Larsens lærar på seminariet i Tromsø. Manuskriptet var på norsk og blei utgitt posthumt av Qvigstad i 1950 med tittelen Om sjøsamene. Først i 1979 kom boka i samisk omsetjing, Mearrasámiid birra.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketeljingane i 1865, 1875 og 1910 på www.arkivverket.no/digitalarkivet, skanna kyrkjebok for Skjervøy
  2. Ivar Bjørklund 1985: Fjordfolket i Kvænangen. Fra samisk samfunn til norsk utkant 1550-1980
  3. John Gustavsen (2012). «Hvem var Anders Larsen?». 
  4. Larsen, Anders (1950), Om sjøsamene, Tromsø museums årshefter (trykt utg.) 13, sett om av Qvigstad, Just, Tromsø museum, henta 22. august 2019