Anders Moe Rognhaug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anders Moe Rognhaug
Fødd 18. mars 1906
Død

22. februar 1994

Yrke skribent

Anders Moe Rognhaug (fødd 18. mars 1906 i Polmak i Finnmark, død 22. februar 1994) var ein norsk illustratør og forfattar. Frå 1922 budde han i Beitstad i Nord-Trøndelag. Han var fødd Anders Moe, men sidan staden han budde vart kalla Rognhaug, tok han etter kvart det namnet og. Han er truleg den personen som har stått for flest bidrag til norske julehefte. Der har han skrive over 500 dikt og forteljingar. Mange av desse illustrerte han sjølv. Han teikna og framsider til mange julehefte. Han var særleg iherdig bidragsytar til lokale hefte. Han skreiv og flittig i avisene. Ander Moe underteikna ofte det han skreiv med «amo». Etter han tok namnet Rognhaug, vart signaturen «amor».

Ander Moe-Rognhaug skreiv og fleire bøker, utan at han har vorte særleg kjend for det.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Skipshelleren - forteljing (1943)
  • Snorre Snøgg og Svegutane (1952)
  • Sommardagar i Sandvika (1976)
  • I lag med "Lettvinten" (1977)
  • Gullkorn i sanden (1978)
  • Nye dagar kjem austanfrå (1979)
  • Kvennanatt (1980)
  • I fjellmannens fotefar (1980)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]