Anders Nummedal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anders Nummedal
AndersNummedal.jpg
Fødd 27. januar 1867
Vik
Død

6. mars 1944

Anders Johnsen Nummedal (27. januar 18676. mars 1944) var ein skulemann og arkeolog frå Vik i Sogn.

Nummedal vart utdanna cand. real. i 1900. Sidan var han lærar i Kristiansund ved den høgre skulen der i byen. I 1909 gjorde han funn frå steinalderen ved Voldvatnet på øya Nordlandet i nordmørsbyen. Nummedal hadde der oppdaga det som han kalla for Fosnakulturen.

Frå 1917 var Nummedal statsstipendiat. Perioden 1922-38 var han konservator ved Oldsaksamlinga til Universitetet i Oslo. Han var svært oppteken av steinalderarkeologi og stod bak oppdaginga av Komsakulturen i det nordlege Noreg i 1925. Nummedal leia mange arkeologiske utgravingar, og var den leiande granskaren av norsk steinalder.

Han døydde i Oslo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]