Anders T. Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anders T. Andersen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. oktober 1966 (57 år)
Tønsberg
Yrke skodespelar, filmregissør, forfattar

Anders Torgeir Andersen (fødd 7. oktober 1966) er ein norsk skodespelar og regissør, og har vore ein del av den kunstariske leiinga ved Torshovteatret sidan 2007. Han har tidlegare fått merksemd som regissør av fjernsynsserien Berlinerpoplene etter romanen til Anne B. Ragde med same namn.

Andersen har teaterutdanninga si frå Storbritannia, og byrja som skodespelar ved Nationaltheatret i 2000. Då spela han i Fruen fra havet. To år seinare var han med i Hva dere vil. Deretter følgde Kirsebærhaven i 2003, Vildanden i 2004 og Til Damaskus i 2006. Før dette hadde han vore med i ei oppsetjing av Hedda Gabler ved Hålogaland Teater i 1997. Og før han nokre år seinare vart teaterinstruktør, spela han også i Faust ved Torshovteatret i 2007.

Han debuterte som teaterregissør i 2008 med stykket Jokkes verdiløse menn, som er skrive av Christopher Nielsen. Andersen medverkar også i Nielsen sin animasjonsserie To trøtte typer og animasjonsfilmen Slipp Jimmy fri.

Anders T. Andersen var òg med i filmen Gåten Knut Hamsun (1996), der han spela Arild Hamsun. Han har også hatt ei rekkje biroller i norske filmar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Knut Olav Åmås [red.]: «Andersen, Anders T.» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008)