Anders Venger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anders Venger
Anders Venger.jpg
Fødd 5. januar 1872
Eidsvoll
Død

23. februar 1935
Oslo

Yrke politikar, bonde
Anders Venger på Commons

Anders Venger (5. januar 187223. februar 1935) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Eidsvoll. Han var landbruksminister 1923–24, arbeidsminister i 1926 og stortingsrepresentant 1919 frå Akershus fylke. Venger var viseformann i partiet Høgre 1920–25 og i mange år sentralstyremedlem.

Venger var son til ein storbonde. Åra 1893-96 var han bruksfullmektig i Hommelvik og deretter 1896-27 forvaltar av gods i Eidsvoll; Eidsvold Verk 1896–1902 og Berger Bruk 1902–27. Frå 1916 var han gardbrukar på farsgarden i Eidsvoll. Venger var heradsstyremedlem i Eidsvoll frå 1908 til 1934, og ordførar 1914–34.

I fire valbolkar, 1919-30, representerte Venger partiet Høgre på Stortinget. Den fyrste treårsbolken var han vald frå einmansskrinsen Øvre Romerike, sidan frå Akershus fylke. På Tinger var han 1919-21 medlem i Vegkomiteen. Deretter var han formann i Post- og telegrafkomitéen 1922–23 og på ny 1925–26. Venger var statsråd i Landbruksdepartementet i Otto B. Halvorsens andre regjering frå 6. mars til 30. mai 1923, og heldt fram i Abraham Berges regjering frå 30. mai 1923 til 25. juli 1924. Venger kom så tilbake som statsråd i Arbeidsdepartementet i Ivar Lykkes regjering fra 5. mars til 26. juli 1926. Valbolken 1928-30 hadde han plass i Finanskomiteen på Stortinget.

Venger hadde fleire verv i ulike bonde- og landbruksorganisasjonar, mellom anna var han 1914-23 formann i Akershus Landhusholdningsselskap og styreformann i Felleskjøpet.

Han vart utnemnd til kommandør av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1924.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]