Anders Wilhelmsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anders Wilhelmsen
Fødd 8. april 1899
Tjøme
Død

24. juli 1969 (70 år)
Oslo

Yrke reiar

Anders Arnt Wilhelmsen (8. april 189924. juli 1969) var ein norsk skipsreiar.

Wilhelmsen byrja yrkeskarrieren hos Wilh. Wilhelmsen, før han etter kort tid gjekk til over Ivarans Rederi. Han var hos Ivarans frå 1916 til like etter andre verdskrigen, dei siste åra som disponent og einebestyrar.[1] Ved sida av dette hadde han starta sitt eige reiarlag i 1939, Skips A/S Awilco. Det første skipet til dette reiarlaget, MS «Segundo», forliste under krigen, men Wilhelmsen klarte å byggja selskapet opp att som tankreiarlag etter krigen var over.[2] Sønene Gjert og Arne Wilhelmsen vart tidleg tekne inn som medeigarar i konsernet til faren, som seinare vart drive under Awilhelmsen-namnet.[3][4]

Han var styremedlem i Norges Rederforbund og i Skipsfartens Arbeidsgiverforenings råd. Han sat òg i styret i Norsk Sjøfartsmuseum.[1]

I sine yngre dagar var Wilhelmsen aktiv som konkurranseroar, skiløpar og pistolskyttar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Skipsreder Anders Wilhelmsen er død». Aftenposten, 25. juli 1969.
  2. «60 år: skipsreder Anders Wilhelmsen, Holmen, Smedstad». Morgenbladet, 8. april 1959.
  3. Nekrolog av Trygve Hirsch i Aftenposten, 29. juli 1969.
  4. «Om oss - Awilhelmsen». www.awilhelmsen.no. Arkivert frå originalen 12. april 2020. Henta 12. april 2020.