Anderslöv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 55°25′0″ N 13°19′0″ E Anderslöv er ein tettstad i Trelleborgs kommun i Skåne län i Sverige.

Anderslöv er ein handelstad på Söderslätt. kyrkja og gjestgivergården ligg på kvar side av landevegen. I 1884 vart Börringe-Anderslövs jarnbane (BAJ) innvigd, forlenga i 1887, og i 1941 vart Börringe-Östratorps jarnbane overteke av staten. Persontrafikken på jarnbana tok slutt i 1957, medan godstrafikken Börringe-Anderslöv fortsette til 1959. I 1921 vart Anderslöv administrativ eining (municipalsamhälle) i Anderslövs kommun, som i 1952 vart utvida av med dei tidlegare kommunane Börringe (tidlegare Gustavs kommun), Grönby, Gärdslöv og Önnarp: den administrative eininga vart nedlagt ved årsskiftet 1954/55. Omtrent 8 km utanfor Anderslöv ligg Bösarp.

Dei viktigaste verksemdene i Anderslöv er Thysells møbelvarehus og Gasell Profil, som no har finske Ruukki som eigar.

I byen finst det ein Konsumbutikk, ein ICA-butikk, to pizzeriaer og ein frisørsalong. På utdanningssida finst eit lite museum, tre dagheimar, eit på låg/mellom stadiet og høgstadiet (Väståkra). Her finst òg ein bank og ein brannstasjon. I 2006 vart vinmonopolet i Anderslöv lagt ned. Det har vore planar om å byggje eit badeanlegg.

I Anderslöv finst ei rekkje samskipnader, til dømes Anderslövs BoIK (fotball), Anderslövs GF (turn og friidrett), speidarane, folkedans og bordtennis.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]