Andersmesse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Andersmesse 30. november er minnedag for apostelen Andreas. Han vart etter tradisjonen nagla til ein liggjande kross i Patras (Pátra) i Sør-Hellas rundt år 60.[1]

primstaven er dagen avmerkt med ein andreaskross eller med ein ongul – det siste truleg fordi apostelen etter evangeliet arbeidde som fiskar, og fordi Jesus bad han arbeide som «menneskefiskar».[1]

I Beiaren skal dagen ha blitt kalla «Jul-Anders-dagen». «Å gå Jul-Anders» var å kle seg ut for i følgje med andre å gå på vitjing til folk som sat ved kveldsbordet. Primstavmerket med ein ongul har blitt tolka som eit teikn på at ein no kan begunne julefisket. X-en er blitt tolka som eit teikn på at det no er tid for å setje ut revesakser.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Den hellige apostelen Andreas (~0-~60)». Katolsk.no. Henta 25. mai 2015.