Andersnatten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andersnatten
fjell
Th. Kittelsen, Andersnatten, postkort.jpg
Andersnatten av Theodor Kittelsen, her på eit postkort.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Sigdal (Buskerud)
Fjellområde Ådalsfjella
Høgd 733 moh
Koordinatar 60°7′1.38″N 9°25′9.65″EKoordinatar: 60°7′1.38″N 9°25′9.65″E

Andersnatten (733 moh.) er eit fjell i Sigdal kommune i Buskerud fylke.

Søraustveggen av Andersnatten er ein populær klatrevegg. Den første ruta vart gått i 1942 av Einar Hoff Hansen og Egmont Nørregaard. Om vinteren frys delar av veggen til is og vert ei fin rute for isklatring. Den kvite stripa er den mest kjende ruta. Marius Morstad og Ralph Høibakk gjekk denne karakteristiske kvite linja i 1982. Ruta er totalt seks taulengder og er stort sett sikra med naturlege sikringar. Sva-partiet har borreboltar. Den mest kjende segna om namnet på stripa er at ein kar med namn Anders sette utfor søraustveggen på ski og stripa er skisporet hans.

Andersnatten gjev landskapet ein spesiell karakter og var eit ynda motiv for Theodor Kittelsen.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Buskerud å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.