Hopp til innhald

Andesflamingo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andesflamingo
Andesflamingo
Andesflamingo
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av andesflamingo
Utbreiinga av andesflamingo
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Phoenicopteriformes
Familie: Flamingoar Phoenicopteridae
Slekt: Phoenicoparrus
Art: Andesflamingo P. andinus
Vitskapleg namn
Phoenicoparrus andinus

Andesflamingo (Phoenicoparrus andinus) er ein art i flamingofamilien som lever i Andesfjella i Sør-Amerika. Han er nært i slekt med punaflamingo (Phoenicoparrus jamesi), og desse to artane utgjer til saman slekta Phoenicoparrus. Chileflamingo, andesflamingo og punaflamingo lever sympatrisk, og finst ofte i koloniar, inkludert felles hekkeområde. Andesflamingo står på den globale raudlista i kategorien sårbar (VU).

Andesflamingoen skil seg frå andre flamingoar ved ein djupare undernebb og svært lange filtrerande filament på overnebbet. Han er ein av to nolevande flamingoartar med mest kroppsmasse, saman med rosenflamingo. Kroppsvekta er rapportert til å variere frå 1,5 til 4 kg og vengespennet kan variere frå 1 til 1,6 meter. Når han står oppreist kan kroppshøgda ligge frå 1 til 1,4 meter.[1] Hannar er større enn hoer.[2]

Vaksne fuglar har ein bleikrosa kropp med sterkare fargar på oversida, og ein djup vinraudrosa farge på nedre delen av halsen, brystet og vengdekkfjørene. Han er den einaste flamingoarten med gule bein og føter med tre tær. Nebbet er bleikgult nær hovudet, men elles hovudsakleg svart, og det bøyer seg nedover. Undernebbet er mindre framståande enn hos artar i slekta Phoenicopterus.

Utbreiing og habitat

[endre | endre wikiteksten]

Andesflamingoen hekkar i høglandet i Andesfjella hovudsakleg i område mellom 3000 og 4000 meter over havet. Hekkinga er særleg konsentrert til nordlege Chile, sørvestlege Bolivia og nordvestlege Argentina, men også i Peru. Arten lever ved grunne, alkaliske saltsjøar og andre våte område, ofte mindre enn ein meter djupe, omgjevne av saltflater eller mudderflater. Andesflamingoen er ein kolonihekkar som byggjer reira sine på små øyar eller holmar ute i saltsjøane eller langs breidda av dei.[2]

Utanom hekkesesongen held andesflamingoar framleis til i liknande habitat, men mange individ flyttar til lågareliggjande område. Nokre trekkjer austover til sentrale delar av Argentina, mellom anna til Laguna Mar Chiquita i Córdobaprovinsen, medan andre trekker nordover gjennom Andes til sørlege Peru eller til innsjøområde i Aust-Bolivia. Årsaka til rørslene kan vere at nokre saltsjøar tørkar inn om vinteren. Enkelte fuglar blir verande ved hekkeinnsjøane året rundt dersom det finst varme kjelder som hindrar vatnet i å fryse. Ved Laguna Colorada i Bolivia er andesflamingoar observerte å halde seg gjennom heile året, men flyttar seg vinterstid til delar av innsjøen der varmt kjeldevatn strøymer ut. Dette gjer det mogleg å overleve nattekulda med temperaturar ned mot −30 °C.[2]

Vernestatus

[endre | endre wikiteksten]

Birdlife International har vurdert andesflamingo som ein sårbar art (VU) og med det den mest truga arten av alle flamingoar. Eit aukande trugsmål mot flamingopopulasjonane som lever i Andes er utvida gruvedrift med utslepp av ureiningar.[3]

I «litiumtriangelet» i Bolivia, Chile og Argentina har mange saltsjøar eit porøst lag metta med litiumrik saltlake under den hardare saltskorpa. Denne saltlaken blir pumpa opp i kunstige basseng, tørka over lang tid og handsama med kjemikaliar. Sluttproduktet er litiumkarbonat som er eit verdfullt salsprodukt på marknaden for til dømes produksjon av batteri til utsleppsfrie kjøretøy.[4] Denne verksemda medverkar til å innskrenke og fragmenterer habitata for flamingoar, ho trugar grunnvatnet og minkar areal av overflatevatn om vinteren. Ho medfører støy og anna uro som endrar på hekkeåtferda.[5]

Referansar
  1. Meyers, Jacob. «Phoenicoparrus andinus (Andean flamingo)». Animal Diversity Web (på engelsk). Henta 9. mai 2026.
  2. 1 2 3 Mahmood, Z. A.; Alarcon, B. D.; Roberts, K. G.; Patton, J. C.; del Hoyo, J.; Boesman, P. F. D.; Garcia, E. (2020). Schulenberg, T. S.; Keeney, B. K.; Billerman, S. M., red. «Andean Flamingo (Phoenicoparrus andinus), version 2.0». Birds of the World Online. Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY. doi:10.2173/bow.andfla2.02.
  3. BirdLife International (2020). «Phoenicoparrus andinus». IUCN Red List of Threatened Species 2020. doi:10.2305/IUCN.UK.2020-3.RLTS.T22697387A182422217.en. Henta 9. mai 2026.
  4. Pearce, Fred (2022). «Why the rush to mine lithium could dry up the high Andes». Yale Environment 360: 19.
  5. Gutiérrez, Jorge S and Moore, Johnnie N and Donnelly, J Patrick and Dorador, Cristina and Navedo, Juan G and Senner, Nathan R (2022). «Climate change and lithium mining influence flamingo abundance in the Lithium Triangle». Proceedings of the Royal Society B: Biological Sciences (The Royal Society) 289. doi:10.1098/rspb.2021.2388.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Andesflamingo