Andholmfjorden

Koordinatar: 67°45′52″N 14°34′56″E / 67.76444°N 14.58222°E / 67.76444; 14.58222
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

67°45′52″N 14°34′56″E / 67.76444°N 14.58222°E / 67.76444; 14.58222 Andholmfjorden er ein fjord i Steigen kommune i Nordland. Fjorden ligg mellom Husøyvær i sør og Måløyvær i nord og strekkjer seg 8 km austover til starten av Leinesfjorden som går vidare austover.

Fjorden ligg heilt ut mot Vestfjorden litt nord for innløpet til Folda. Andholmen, som fjorden er kalla opp etter ligg like nord for Husøya på sørsida av fjorden.