Andikhásia
Andikhasia Αντιχάσια | |||
fjell | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Píndos | ||
Høgd | 1 416 moh. | ||
![]() Andikhásia |
Andikhásia (gresk Αντιχάσια), òg kalla Antikhassia, Antihasia og Antihassia, er eit fjell nord i periferieiningane Tríkala og Lárisa i Thessalía i Hellas. Fjellet er ein del av fjellkjeda Píndos. Fjellet er 1 416 meter høgt og er om lag 40-50 km langt frå aust til vest og 15-20 km breitt frå nord til sør. Elva Piniós renn sørvest for fjellet.
Fjellet har gjeve namn til kommunen med same namn vest i Lárisa.
Skogar dominerer dei lågareliggande områda av fjellet og inneheld furu og gran. Dalområde, grassletter, buskar og berre område dominerer dei høgareliggande områda. Rundt fjellet ligg landsbyar og skogsvegar, i tillegg til ein del turstiar.
Frå toppen av fjellet kan ein sjå Khásiafjella i nord, fjella nordvest i Lárisa, Den thessaliske sletta og nokre nærliggande fjell og dei sentrale Píndosfjella, som Lákmos.
Næraste stader[endre | endre wikiteksten]
- Oxýnia, nordvest
- Agiófyllo, nordvest
- Tsioúka, nordaust
- Agreliá, søraust
- Koniskós, sør
- Vlakháva, sør
- Trygóna, sørvest
- Pévka, sørvest
Stader i fjellet[endre | endre wikiteksten]
- Flambourési, sentralt
- Gávros, sentralt
- Longá, aust
- Mavréli, søraust
- Skepári, sentralt
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Antichasia» frå Wikipedia på engelsk, den 22. august 2007.